Søtt, salt og syrlig under årets Stangvikfestival
Stangvikfestivalen, som såg dagens lys første gong i 1996, blir no arrangert anna kvart år, og blir i år arrangert i perioden tysdag 11. august til og med søndag 16. august.
Årets festival har eit variert program med mange tema og høgt musikalsk nivå. Her er det noko for ein kvar smak og for alle aldrar, der fleire av arrangementa er gratis.
Opningskonsert i Bøfjorden
Stangvikfestivalen 2026 har opningskonsert tysdag på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Rasmus Rohde, Trygve Brøske, Sigrid Vetleseter Bøe og strykekvartetten Gioia vil her gje publikum musikalske smakebitar av kva ein kan forvente seg gjennom festivalen.
Fjong salong og kjellarmusikk
Onsdag er det først Fjong salong på Rønnan. Her blir ein invitert «heim» til festivalartistane på salongkonsert og «Afternoon Tea»
Gjennom ord og tonar vil Cathrine Winnes ta publikum med på ei historisk vandring om kvinner som krev å bli høyrt, om berømte komponistar sine første steg og om å sette livet på spel med Beetoven.
Seinare på kvelden vil festivalartistane gje publikum flotte musikkstunder i kjellarlokala i Bondehuset, der det blir arrangert «Halvliter og kjellarmusikk».
Operakveld i Todalen
Torsdag kveld er det operakvelden «Hekta» i Todalen ungdomshus som står på programmet. Her blir det operatiske opplevingar med laus snipp med operasolistar og pianist.
Innhaldsrik fredag
Fredagen startar med kaffekonserten «Tett på kvartett» i Bondehuset. Dette er ein ettermiddagskonsert med strykekvartetten Gioia, saman med pianist Else Bø der ein får musikalske stunder som passar ekstra godt til kaffekoppen.
Seinare på dagen inviterer festivalen til dei historiske og intime lokala i Stangvik prestegard og romansekonserten «De nære ting». Her vil festivalartistane framføre sterke, lågmelde og nære musikalske songskattar.
Fredag kveld er det «Eight Songs for a Mad king i Bondehuset med tenor Arnstein Morken og SiTron. Her får ein også oppleve Rasmus Rohde med band og konserten «Løgner i sanntid».
Fredag blir det også opning av kunstutstillinga til årets festivalutstillar Yngvild Sæter frå Stangvik.
Familiedag og kyrkjekonsert laurdag
Festivalen inviterer laurdag til familiedag, der musikal- og teatergruppa Skrømt framfører den sanne og dramatiske historia om «Mannbjørnen» frå 1770-talet. Dei to stangvikgjeldingane, Jo Inge Nes og Svein Sæter, har skreve musikken og songtekstane til «Mannbjørnen».
Ut på ettermiddagen blir det kyrkjekonsert der SiTron, festivalartistar og songarar framfører konserten «Skaparverket» i Stangvik kyrkje.
Etter kyrkjekonserten blir det, som alltid, sal av fiskesuppe med fisk frå Stangvikfjorden. Vi oppfordrar publikum til å komma i god tid for å få plass!
Tidleg laurdag kveld er det Artist Talk i Galleri Bondehuset. Årets festivalkunstnar, Yngvild Sæter og Brit Dyrnes gjev da eit djupdykk inn i kunstens verden.
Til slutt laurdag kveld inviterer festivalmusikarane, med kapellmeister Trygve Brøske i spissen, til ein festkveld i Bondehuset, der temaet er «Cinema Paradiso»
Boklansering avsluttar årets Stangvikfestival
Stangvikfestivalen blir i år avslutta med boklansering der festivalen starta, nemleg på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Rannveig Eikrem har skrive bok om Halse og folketonane, Boka tek utgangspunkt i masteroppgåva hennar i musikkvitskap frå 2008.
No er all musikken transkribert og digitalisert og i denne boka blir samlinga av folketonar gjort tilgjengeleg for alle interesserte. Denne søndagen lanserast boka med eit konsertføredrag, der vi får høyre Eikrem fortelje om Halse og tonane, og om arbeidet med boka. Vi får også høyre eit utval av songane, framført av Eikrem og folkesongar Runa Kvalsund.
– Vi vil samanlikne årets utgåve av Stangvikfestival med ein godteripose, der innhaldet er søtt, salt og syrleg, seier Jo Inge Nes og Sigrid V. Bøe i arrangementskomiteen.
– Variasjonen i programmet har også eit stort spenn i dei musikalske utfordringane, frå dei heilt enkle til utfordrande, legg dei til.
– Til slutt vil eg skryte hemningslaust av dugnadsinnsatsen og samarbeidet med grendelag, idrettslag, historielag, lokale butikkar og alle i dugnadsgjengen. Dette er heilt avgjerande for å kunne arrangere Stangvikfestivalen, avsluttar Sigrid V. Bøe.