Stangvikfestivalen:

En gruppe mennesker står foran publikum i et pyntet rom og løfter hendene under en feiring.
Publikum fekk ein intim og stemningsfull kammerkonsert.

Intim og stemningsfull kammerkonsert

Tidleg fredag kveld inviterte Stangvikfestivalen til romansekonserten «De nære ting» i dei historiske og intime lokala i Stangvik prestegard.

Publisert Sist oppdatert

Her kom publikum tett på både tekst og musikk når programleiar Mira Dyrnes Asklund, songartistane Anne Våg Aaknes, Erik Rosenius, Ola Lindseth, Maija Skille og pianistane Else Bø og Brage Einum formidla sterke, lågmelde og nære musikalske songskattar til ein fullsett prestegard.  

Fiolinist spiller ved notestativ i et rom med piano og store vinduer.
Else Bø og Ola Lindseth – Else Bø og Ola Lindseth spela starta det heile med «Meditation Thais.


Ola Lindseth og Else Bø spela «Meditation Thais» før programleiar Mira Dyrnes Asklund ønskte velkommen og las eit par sonetter av William Shakespeare.  

Erik Rosenius framførte deretter «Jungfru Blond & Jungfru Brunett», frå operaen Stenhammar og «Bergmanden», før Anne Våg Aksnes song «Bryllupsmarsj» og «Jämtlids avskedsgånglåt».  

Kvinne i rosa kjole synger ved piano i et lyst rom med publikum i forgrunnen.
Sigrid V. Bøe framførte «Var det en dröm» og «Fylgia», frå operaen Stenhammar.


Sigrid V. Bøe framførte så «Var det en dröm» og «Fylgia», frå operaen Stenhammar, før programleiar Asklund las ei sonette att.  

Skille og Aknes framførte «Geistliches Wiegenlied» etterfulgt av «Krenka», framført av Skille.  

Barn leser fra en bok i en stue med piano, stort vindu og publikum i forgrunnen.
Mira Dyrnes Asklund var programleiar under kammerkonserten «De nære ting» i Stangvik Prestegard.


Lindseth spela så «Adagio», før Bø og Einum spela «Neue Liebeslieder» nummer 3b, 4, 5 og 13 firhendig på pianoet.  

Ei særs flott musikkstund vart avslutta med at alle artistane framførte «De nære ting»  

Powered by Labrador CMS