Kulturskatt å ause av:

Voksenkor synger i kirkerom, to kvinner foran holder skilt med sangtekst.
Songarane i Prosjekt 17 fører an - med salmar og songar som dei veit mange er glade i.

Songkveld i Åsskard

Åsskard-kyrkja er 150-år no i 2026. På oskeonsdag 18. februar inviterer jubilanten til allsidig songkveld.

Publisert Sist oppdatert

Saman med koret Prosjekt 17 deltek solistane Gunhild Marie Täringskog og Turid Røen Kroknes forutan koret Heimklang frå nabokommunen. Bodil Kvam Aasbø og Bernt Bøe gir tonefølgje. 

- Dette er det første av ei rekkje kulturarrangement i jubileumsåret, seier arrangøren.

- Songen som kulturskatt har prega kyrkjelivet i desse 150 åra, ein skatt vi no auser av. Gode tekster og tonar blir å høre - og ikkje minst delta i - denne kvelden!

Programmet spenner frå gospel til klassisk, frå Cat Stevens til Mendelssohn. Salmeboka er hovudkjelde.

Historiene bak kjende tekster kan gi aha-opplevingar. Eksempel: Kva har «Alltid freidig» med eventyret «Tornerose» å gjera? Og kva vil misjonær Anna Sæther presentere som yndlingssalmen sin?

Den påbegynte fasta er kulturtid. Så etter karneval, «blåmåndag» og «feittysdag» blir oskeonsdagen feira i syngande fellesskap i Åsskard kyrkje. 

Uansett faste: Det blir servert kyrkjekaffe med noko å bite i etter songprogrammet!

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS