Jubileumskonsert i Åsskard:
Mykje å formidle!
- Det er så mykje eg har lyst å formidle! seier songarinna Turid Røen Kroknes. Søndag ettermiddag stiller ho med glitrande ensemble og topp program i Åsskard kyrkje.
Arrangør Åsskard sokneråd gler seg stort til konserten:
– Turid er ein tonekunstnar som fortener stor anerkjenning både lokalt og vidt. Når ho denne gong også har toppfolk som Helga Botn, Synnøve Hammervold og Brage Kristian Einum med på laget, blir det ein konsert til stor glede for alle frammøtte!
Det seier eks-organist og sekretær Bernt Bøe på vegner av soknerådet.
Variert program
Kvartetten byr på musikk av edlaste merke: Spirituals, Bach, Grieg, Sommerro, Bjørnstad, Mendelssohn, Vivaldi og Brahms. Tre av sistnemntes «Ernste Gesänge» munnar ut i kyrkjemusikalsk erklæring om tru, håp og kjærleik: «Og størst av dei er Kjærleiken».
Synnøve – ein bauta
Fiolinist Synnøve Hammervold har i mange tiår vore ein bauta i nordmørsk musikkliv – som solist, orkestermusikar og ikkje minst pedagog ved kulturskulane i Sunndal og Surnadal. Ho spelar gjerne og ofte i Åsskard.
– Og så stammar eg jo frå Bøfjorden! ler ho.
Helga - landskjend
Helga Botn er landskjend operasongar (Den Norske Opera, Operaen i Kristiansund, Opera Nordfjord, Ringsakeroperaen) mellom anna med roller i «Flaggermusen», «La Boheme», «Tosca» og «Peer Gynt». Hennar allsidighet omfattar kyrkjemusikk og romansar så vel som jazz og teater. Ho er også songpedagog på høgt nivå.
Brage – framståande pianist
Konsertens pianist Brage Kristian Einum føyer seg inn i ei lang rekkje av framståande og allsidige musikarar frå Surnadal kommune. Med opplæring frå Atlanten i Kristiansund og NTNU i Trondheim er han knytt til Griegakademiet i Bergen. Han spelar i band, underviser, framfører klassisk, er repetitør og akkompagnatør i teateroppsettingar (eks. Trøndelag Teater, Lady Arbuthnott i Sunndal) og for solistar i mange samanhengar.
Turid – prisvinnar og hovudaktør
Spalteplassen tillet berre stikkord om konsertens hovudaktør, Turid Røen Kroknes. Ho gjekk i lære hos Helge Birkeland og Susanna Eken, hadde debutkonsert i Universitetets Aula og har delteke på Operaen i Kristiansund, Opera Nordfjord, Ringsakeroperaen, Trønderoperaen, vore Fru Inger til Austrått i «Olav Engelbrektsson» på Steinvikholmen og har reist på turnear med Den Norske Opera.
Turid har sunge teater som «Fru Guri» på Smøla, har laga CD-ar og vore alt-solist i store kyrkjemusikkverk. Ikkje minst har ho hatt eigne domkyrkjekonsertar i Nidaros, Oslo og Stavanger.
Bræinprisvinnaren frå Rindalen og Valsøyfjorden har også konsertert for kongeparet Harald og Sonja og den islandske presidenten.
Med iver, lyst og evne til å formidle har Turid teke initiativ til søndagens jubileumskonsert i 150 år gamle Åsskard kyrkje.
-
ANNONSE: