ANNONSE:

Japan-kveld på Eidet bedehus

Søndag 27. juni kl. 19.00 blir det arrangert Japan-kveld på Eidet bedehus. Misjonær Inger Valbø vil delta både med andakt og musikk (japansk harpe). Ho vil og vise bilete med glimt frå landet og misjonsarbeidet.

Svein Volle har lova å synge, og Inger vil akkompagnere på piano.

Det blir høve til å gje ei misjonsgåve, og i pausen blir det enkel servering.

Misjonssambandet ønskjer velkomne til ein triveleg sommarkveld på bedehuset.