Bondhuset

Basar i Stangvik -utsett

Laurdag er det klart for eit årleg høgdepunkt i Stangvika: basaren i Bondehuset.

Publisert Sist oppdatert

Oppdatering: 25. november 2021:

Stangvik grendelag har bestemt å utsette basaren som var planlagt 27. november. Dette er på grunn av auka smitte i kommunen. Basaren vert digital, og trekkinga vil vere 5. desember.

Det er Stangvik grendalag som inviterer til den tradisjonssterke basaren, laurdag 27. november klokka 16. I tillegg til eit rikhaldig badarbord, blir det som vanleg åresalg med gode vinnarsjansar. Den siste tida har strikkepinnane, heklenålene, symaskinene og snikkarutstyret vore i full sving for å laga gevinstar til denne delen av basaren.

Bondehusbasaren fortsett også tradisjonen med to etterspurte toppgevinstar: Ein flott kniv laga av Jarle Røkkum og middag for to på Svinvik Gard.

Jarle Røkkum er ein knivmaker av høg rang. Han har donert ein kniv til grendalaget.Det vert sjølvsagt ein av hovudgevinstane. Det er mykje aktivitet i Bondehuset i Stangvik. I helga er det basar.
Middag for to på Svinvik gard er ei av hovudgevinstane på basaren i år.

Om nokon vil konkurrere i pilkast, skyting eller ballkast vil det vere høve til det, og det er gåvekort i premie til dei beste kastarane og skyttarane. Stangvik grendalag byr òg på god, heimelaga mat. Tradisjonen tru er den gratis. Men sjølvsagt håpar grendalaget at dei som kjem tek masse lodd og kjøper mange årer på tombolaen.

I dette spesielle året tenkjer sjølvsagt Stangvik grendalag på smittesituasjonen. Om du er litt snufsete er det best å halde seg heime. Lodd kan likevel kjøpast på Vipps, nummer 115934.

Powered by Labrador CMS