Fartykulturen lever
Hausten 2024 vart Odd Ragnar Bekken eigar av kutteren «Skjellfjord» - 40 vakre fot med sjøsprøythistorie.
Søndag gav han publikum på Bøfjorden Sjøbruksmuseum levande innblikk i eit 104 år langt skuteliv.
Båten – alltid «ho»
Ho vart bygd i Hemnesberget i 1922. Under namnet «Kåre» dreiv ho fiske og ymse frakting dei komande tiåra. (Ja – det heiter «ho»: Uansett namn er ein båt alltid omtala i hokjønn.)
Vi refererer små glimt frå det gode biletkåseriet. Som at «Kåre» i 1943 fekk skade av ein tysk eksplosjon. Eller at ulike eigarar gjorde små ombyggingar og motorbytte etter kvart.
I ein filmsnutt frå Norge Rundt på TV frå 1983, dreiv skuta skjelfangst - no med det høvelege namnet «Skjellfjord». Frå 1999 til 2001 gjorde ho ei eksotisk reise - mellom anna til Middelhavet. Attåt motor førte kutteren da også segl.
Hjerteforhold
Som skipperar flest har Odd Ragnar eit hjerteforhold til skuta si. Det inneber mykje omsorg for eit gammelt skrog. Tallause timar og store utgifter har siste året gått med til reparasjon og vedlikehald. Mykje av arbeidet har han gjort på Mellomverftet i Kristiansund - også med fagleg rettleiing der.
Eit talrikt publikum på museet fekk reine kurset i skifte av skipsplank, bruk av spesialverkty og «kalfatring» med tjøredrev. Faguttrykk sat laust - kåsøren er ei munter og levande maritim ordbok!
Godt å likjast på
Han har da også godt å likjast på. Bestefar Ola bygde klinkabåtar i naustet på Bølandet. Far Hermann deltok med hekkskøyta «Brødrene» i både landnotfiske, tømmersleping, skuleskyss og reketråling.
Heime i Bøfjorden har «Skjellfjord» funne sin rette plass og rette eigar.
– Ferdig restaurert skal ho på turar og stemne, seier Odd Ragnar til slutt.
– Eg har planer om å segle nordover til Tjøtta, Steigen og ikkje minst til «fødestaden» Hemnesberget, der skuta gjekk av stabelen ein dag for 104 år sia!
Godt at fartykulturen lever vidare - no i «Skjellfjord» med ein dyktig og idealistisk skipper.