Sju personer med en sykkel, som står oppstilt ved en vei foran et industriområde.
Surnadal AP vil ha gang- og sykkelveg i Industrivegen. Listekandidatane Eva Jorid Svendsen, Odd Asbjørn Bævre, Helge Røv, Ingrid Bergheim og Annett Ranes, saman med Kaia og Agnes Vikavoll, som spelar fotball og har bruka denne vegen mykje.

Surnadal AP prioriterer trafikksikkerheit høgt - vil ha gang- og sykkelveg i Industrivegen

Publisert Sist oppdatert

Surnadal Arbeiderparti har programfesta at dei vil arbeide for meir utbygging av gang- og sykkelvegar, i tråd med Surnadal kommune si trafikksikringsplan. No er det gang- og sykkelveg langs heile Industrivegen som står høgast på prioriteringslista.

Annett Ranes, som er ordførarkandidat for Surnadal AP ved valet i haust, tek opp trafikksikring som ei av dei viktigste sakene dei jobbar med.

– No er fylket snart er ferdige med ein prikkfri gang- og sykkelveg på Røv. Det er vi veldig glad for. Det har vore diverse medioppslag om det, men det er no i alle fall ein veldig fint gang- og sykkelveg, seier ho, med eit smil.

Med bakgrunn i det som står i partiprogrammet til Surnadal AP vil ho saman med nokre av dei andre listekandidatane prate litt om planer for gang- og sykkelvegar i kommunen, og om trafikksikkerheit generelt. Dei møter pressa ved Surnadal Transport sine lokale i Industrivegen.

Trafikksikring, folkehelse og klima heng saman

Surnadal kommune har ei trafikksikringsplan som vart vedteke i 2019. Det er ei god plan, som absolutt er verdt å lesa, meiner Annett Ranes. I trafikksikringsplana er det lista opp fleire forslag til gang- og sykkelvegar, både på kommunale og fylkeskommunale vegar i Surnadal.

Det endelege målet for arbeidarpartipolitikarane er å få eit samanhengande nett av gang- og sykkelvegar i sentrumsområdet.

Dette er i tillegg både eit folkehelsetiltak og eit klimatiltak, påpeikar Ranes. Ein ser at jo fleire gang- og sykkelvegar ein får, jo fleire vel å gå og sykle framfor å køyre bil. No har stadig fleire elsykkel, og det gjer og at det er mange fleire syklistar enn før. Flest mogleg av dei som arbeider på industriområdet må få moglegheit til å sykle til jobben, synast ho.

Tid for å prioritere industrivegen

Eit av forslaga som har vore trekt fram i kommunestyret den siste perioden er gang- og sykkelveg ut til Ranes. Dette er ein fylkeskommunal veg, og da er ein prisgitt fylket sine prioriteringar, men kommunen kan påverke prosessen med å sette opp prioriteringslister, og legge press på for å få realisert dei aktuelle prosjekta.

Når det gjeld kommunale tiltak er det høgst prioriterte forslaget til gang- og sykkelveg Grimsmokrysset - Øye.

– Det har det vore jobba med og prøvd å få til i dei to siste kommunestyreperiodane, og det har stoppa litt opp. Ein skal ikkje slippe saka for det, men ein er avhengig av å finne gode løysingar som passar for alle, sier Ranes.

Andreprioritet i trafikksikringsplana var gang- og sykkelveg ned Trelastvegen, men no er området omregulert, og det har kome ein ny veg ned mot Syltøran, med gang- og sykkelveg. Så dette er løyst. Tredjeproritert er gang- og sykkelveg langs Industrivegen, og det er det tiltaket Surnadal AP no vil settte fokus på. No vil dei ha dette prosjektet inn kommunen sitt inveseringsbudsjett.

Flest trafikkulykker

Annett Ranes viser til ein illustrasjon med kart frå trafikksikringsplana, der større og mindre trafikkulykker i kommunen i tidsrommet 2008 - 2019 er markert med prikkar. På Industrivegen har det vore så mange ulykker at prikkane dekkjer kvarandre, så ein kan ikkje ei gong sjå kor mange ulykker det er snakk om. Det er ingen tvil om at det er i dette området det skjer flest trafikkuhell.

Dette er eit stort industriområde med mange arbeidsplassar, mykje trafikk og mange store bilar. Odd Asbjørn Bævre fortel at han satt i utvalget som var med å utarbeide trafikksikringsplana. Det var ein grunn til at Industrivegen var høgt prioritert den gongen, og frå den tida har det kome enda meir industri i området. Det har ført til at trafikken har auka betydeleg, påpeiker han.

Eit kommunalt ansvar

Helge Røv skyt inn at ein gang- og sykkelveg her har vore tema i lang, lang tid. Folk som bur i området har kontakta kommunen om dette fleire gonger, med brev og underskriftskampanjar.

– Dette er ein svært farleg veg, og det er ein kommunal veg, så vi kan ha styring med dette sjøl, dersom vi er villige til å priortere det investeringsmessig, seier Røv.

Han påpeikar at dette er eit kommunalt industriområde, som er i ferd med å bli fullbygd. Det blir berre meir og meir trafikk, og det er ein kommunal veg. Da er det også eit kommunalt ansvar å legge til rette slik at folk kan ferdast trygt på vegen, slår han fast.

Enda fleire mjuke trafikantar i skuleferien

– Med tanke på at vi gjerne vil at både unge og voksne skal forflytte seg sjøl, og gjerne uten køyretøy, så skulle vi ha lagt meir til rette for dei, sier Ingrid Bergheim. Ho er sjåfør på storbil og har køyrt mykje i dette området i mange år.

Bergheim fortel at det er krevande nok å køyre på denne strekninga til vanleg, med barnevogner og skuleungar, men ein merker ekstra godt når ferien har starta og ungane begynner å sykle og gå frå Gryta til stranda sjøl. Da aukar trafikken merkbart.

– Det hadde gjort seg å få dei mjuke trafikantane litt unna, både for miljø, for oppbremsing og aksellerering igjen, og for sikkerheita, seier Bergheim.

Ho framhevar og at kommunen ikkje berre er med på å utvikle industrien i området, men fotballmiljøet og. Det er mykje trafikk relatert til fotballtrening og kampar, og når fotballhallen kjem blir det i alle fall ikkje mindre trafikk. Med gang- og sykkelveg vil det blir mykje tryggare for foreldre å la ungane sykle og gå til fotballtrening.

Nullvisjon

Annett Ranes viser til nullvisjonen som ligg til grunn for trafikksikringsplana. I plana står det at kommunen skal legge til rette for eit veg- og trafikksystem som hindrar drepne eller alvorleg skadde personar. I dette området er det nok av utfordringa å ta tak i, påpeikar ho.

Til dette møtet har Anett Ranes fått med seg to unge jenter som bor på Glærum, Agnes og Kaia Vikavoll. Dei har vore mykje på Syltøran på fotballkamper og -trening i oppveksten, og har gått og sykla mykje langs denne vegen da dei var yngre. Farten er ganske stor, og det er mange store lastebilar på denne vegen. Av og til møtest to store bilar, og det kan vere skummelt, synast dei. No kjører jentene bil, og som sjåfør vil det og følast mykje tryggare om dei mjuke trafikantane slepp å bruke bilvegen.

Ranes påpeikar og at dei fleste ulykker i trafikken involverar ungdom i aldersgruppa 15 - 24 år, så det er viktig å sikre ungdommane. Surnadal AP ønsker å få ein trafikksikker gang- og sykkelveg, både for dei unge og for alle arbeidstakarane og andre som brukar vegen. - Og no i sommar også for alle som skal på Kalkstranda i finværet, legg ho til.

Listekandidatane fra Surnadal AP avsluttar med ei oppfordring:

– Kjør fint og vis hensyn i trafikken!

En gang- og sykkelveg med nylagt asfalt langs en asfaltert bilveg, med bolighus på ei side og et stort industribygg på den andre sida.
Den nye gang- og sykkelvegen på Røv er snart ferdig.
Powered by Labrador CMS