En bonde og en dreng står med 3 kvinner og en mann i røde t-skjorter med Arbeiderpartiet sin rose som logo. De står på en gårdsplass foran en grønn og gul traktor.
Lars Ole Gravvold og dreng Abel Raaen

-Eg er redd for to ting: brann og elva

Publisert

Laurdag fekk ordførarkandidat Annett Ranes god innsikt i bonden sine utfordringar da ho besøkte Lars Ole Gravvold i Bæverdalen.

4 representanter fra arbeiderpartiet i rød t-skjorte står sammen med to menn foran brannmann uniformer
Ingebrigt Garthe og Per Gudmund Bøe frå hjelpepersonellet i Bøfjørden.

Garden hadde lege brakk sidan 1990-talet da Lars Ole Gravvold tok over. Han og sambuaren Elisabeth Engset bygde nytt fjøs med tømmer tatt ut frå eigen skog i 2018, og gjorde eit stort arbeid med nydyrking av ekrer rundt garden.

I dag har dei 70 ammekyr, som for tida er på sommarbeite i fjellsida, men bonden er oppom og helsar på dyra med mjølbøtte og kakskiv stort sett kvar dag. - Det er for å passe på at dei er vante med folk, forklarte Gravvold.

Han driv både entreprenørfirma og vassverk i tillegg til dyrehald, og drifta «på sida av» gardsdrifta er heilt nødvendig for at det skal gå rundt, fortalde Gravvold, som kallar seg sjølv idealist.

- Det går rundt, men eg tek ikkje ut lønn og treng inntekta frå maskinkøyringa. Men det er dette eg vil halde på med, slo han fast.

Ordførarkandidat Annett Ranes hadde med seg fleire partifeller frå Surnadal Arbeiderparti på besøket. Av dei var Eva Jorid Svendsen, som har stilt spørsmål i kommunestyret om mogleg branndepot i Bæverdalen.

4 representanter fra arbeiderpartiet står sammen med to menn ved en brannbil

- Eg er redd for to ting: brann og elva, sa Gravvold på tal om alvorlege hendingar. Bonden er bekymra både over for låg vassføring i elva på grunn av kraftproduksjon og at flomsikringane oppover heile elva er i ferd med å forsvinne. Fløymer elva over, kan det vere katastrofalt for garden.

Ranes peikar på problemet med verdsetting av eigedom og prioritering av flomsikringstiltak. Dersom det ikkje er folks liv og helse som står på spel kan det vere vanskeleg å få medhald frå styresmaktene om at tiltak er nødvendige. Fjøs og dyrkamark blir ikkje rekna for å ha høg nok verdi, sjølv om det er snakk om både dyreliv og livsgrunnlaget til dei som driv garden.

Ein brann hos Gravvold ville også truleg hatt alvorleg utfall. I diskusjonen med politikarane, var det einigheit om at eit branndepot i Bæverdalen eller Bæverfjorden kan vere med på å avgrense skadar ved eventuelle hendingar.

I Bøfjorden har det vorte nytt branndepot, som Arbeiderparti-gruppa fekk sjå på laurdag. Depotlokalet er pussa opp og innreia med mange timars frivillig innsats frå bøfjordingane sjølve. Ingebrigt Garthe og Per Gudmund Bøe frå det lokale hjelpepersonellet skrytte av opplæringa gruppa i Bøfjorden har fått. Hjelpepersonellet er til assistanse ved brann og andre nødsituasjonar, og dei har allereie rykka ut i bygda med hjartestartar. Ved hjartestans er kvart minutt viktig.

- Det er ikkje tvil om at eit lokalt depot og mannskap er til hjelp i ein slik situasjon, sa ordførarkandidaten.

En manlig bonde står ved siden av en kvinne fra arbeiderpartiet
6 mennesker står i en sirkel og snakker sammen på en gårdsplass
Annett Ranes, Eva Jorid Svendsen, Daniel Haarstad-Bøe, Ingrid Bergheim, Ann Grete Gravvold og Jorid Aarvåg frå Surnadal Arbeiderparti
Powered by Labrador CMS