Valgdirektoratet melder

I dag er siste moglegheit til å stemme ved stortingsvalet 2025.

I dag er valdagen

I dag, 8. september, er det stortingsval i Noreg.

– På valdagen må alle stemme i den kommunen dei har stemmerett, det vil seia den kommunen ein var registrert som busett per 30. juni 2025. I informasjonsbrevet alle veljarar har fått frå Valdirektoratet står det kva for ein kommune veljaren er stemmefør i, seier Elin Olderlund Westby, direktør for fagavdelinga i Valdirektoratet i ei pressemelding mondag.

I dag har over 1 600 vallokale ope over heile landet. Opningstider og informasjon om kvar ein finn dei ulike vallokala, er tilgjengeleg på www.valglokaler.no

– Dei siste vallokala stengjer klokka 21.00, men mange lokale stengjer før dette, så det er viktig at veljarane har kontroll på når sitt vallokale stengjer, seier Westby. 

Kva skjer når vallokala stengjer? Den første teljinga av stemmesetlar skjer i alle vallokala så snart desse stengjast på valdagen. Teljinga blir gjennomført for hand. Det blir talt kor mange stemmer kvart parti har fått. Deretter skal det skje ei andre teljing av stemmesetlane sentralt i kommunen. 

– Det tidlegaste tidspunktet kommunen kan vere ferdig med all teljing, er tysdag klokka 17.00. Dette kjem av at seint innkomne førehandsstemmer kan komme fram til kommunen fram til dette tidspunktet, forklarar Westby. 

Når kjem resultata? Valdirektoratet rapporterer dei første resultata klokka 21.00 på www.valgresultat.no

Det vil vere dei hittil talte førehandsstemmene frå kommunane som blir publiserte kokka 21.00. Utover valkvelden blir resultata oppdaterte etter kvart som kommunane gjennomfører første teljing i vallokala. 

Etter kommunen er ferdig med si teljing, overtar valdistrikta valmateriellet. Overleveringa skjer hovudsakeleg på onsdag. Deretter skal valdistrikta kontrolltelje, noko som kan vara utover heile veka. 

Det er først når alle valdistrikta er ferdig med si kontrollteljing av alle kommunanes teljingar, at Valdirektoratet kan stadfeste fordelinga av utjamningsmandata.

Powered by Labrador CMS