Bokomtale av «Surnadal Apotek 1925-2025 – Apotekhistoria på Indre Nordmøre»
Ei lekker og interessant bok har kome i hus. Med «Surnadal Apotek 1925-2025 – Apotekhistoria på Indre Nordmøre» har Kristen Halle samla helsebringande lokalhistorie - bokstavleg tala.
Mi korte bokmelding gjengir ikkje alle detaljar i den fyldige framstillinga av det «medisinske» hundreåret. Derimot håpar eg å vekkje litt av den appetitten som boka opnar for.
Og la det vera sagt med ein gong: Kristen Halle har gått grundig inn i historikken og presenterer den elegant og oversiktleg.
Boka opnar med allmenn medisinhistorie frå 3500 år gamle papyrusskrifter via dei første norske apoteka (Bergen 1588, Christiania 1628) til Løveapoteket i Kristiansund kjem med dropar og tablettar i 1746.
Departementet valde «Surndals»
Apoteket på Surnadalsøra opna 10. august 1925 og var det første på indre Nordmøre - i tevling med Sunndal og Tingvoll. At departementet i 1924 gjekk inn for eit «Surndals Apotek», kom mykje av at dette ville dekke eit nærleg område på 9500 menneske forutan fleire tusen frå Tingvoll og Sunndal.
Under strengt reglement vart det oppretta filialar i distriktet. Fornøyelege avisutklipp viser for eksempel prosessen da Orset-bua i Bøfjorden vart medisinutsalg i 1957.
Elles fortel Kristen Halle at utnemninga av apotekarar var ei høgtideleg offentleg sak.
Frå Apotekargarden til Alti
Forfattaren har budd 40 år i Gammelapoteket og har funne og henta rikhaldig dokumentasjon til framstillinga av 100-årshistoria.
Lars J. Tellesbø var byggmeister for Apotekargarden ved Surnadalsøra, som stod ferdig i 1925 og omsette medisin i pakt med lover og reglar fram til 1986, da nytt apotek (det noverande Kyrkjelydshuset) vart reist på Skei. Hausten 2003 flytta Alliance Apotek (som det da heitte) til Amfisenteret (no Alti) der Boots Apotek er i dag.
Underhaldande og informativ bok
Boka struttar av god informasjon. Apotekhistoria i seg sjøl er ivareteken på ein underhaldande måte. Ikkje minst presenterer Kristen eit flott portrettgalleri av eigarar, apotekarar og mange andre tilsette opp gjennom åra. Noko er fortalt i intervjuform. Her møter du mange du har høyrt om - og kanskje henta medisin hos!
Han flettar også inn anna lokalhistorie – Ørabrannen i 1938, Surnadal Billag, Løseth Lavpris og anna.
Det frodige biletstoffet er i seg sjøl levande historie. Men kva «Sommar-i-Tyrol-medisinen» frå teateråret 1977 var for noko, må du lesa sjøl!
Utklipp (faksimiler) frå aviser og annonsar gjer stoffet nært og levande. (Men medan eg er full av ros for Lasertrykk AS sin flotte produksjon av boka, synest eg dei fleste aviskopiane er for grå og utydelege, noko trykkeriet burde ha framstilt betre.)
Pirk til side. Kristen Halle har gjort eit kjempearbeid og tilført vår lokale litteratur ein skatt. Denne boka bør alle unne seg.
Og ho er reseptfri!