Surnadal kommune melder:

FHI om korona­vaksinasjon av barn 5 - 11 år og dose 2 til ungdom 12 - 15 år

Tilbodet blir gjeve lokalt ved ønskje om dette frå føresette eller ungdom.

Koronavaksine til barn 5 - 11 år og dose 2 til ungdom 12 - 15 år

FHI har på oppdrag gjort ei vurdering av utvida tilbod om koronavaksinering av barn til også å omfatte barn 5 - 11 år utan alvorlege sjukdommar, samt dose 2 til ungdom 12 - 15 år.

Les vurderingane FHI har gjort i forbindelse med dette og snakk gjerne om det heime. Dersom du vuderer tilbodet som aktuelt for ditt barn/ungdom, tek du kontakt etter 23. januar på e-post til vaksine@surnadal.kommune.no eller vaksinetelefon.

  • Informasjonsbrev frå FHI til alle landets kommunar, helseforetak og statsforvaltarar finn du her.
  • Heile FHI si vurdering finn du her.
  • Samtykkeskjema finn du her.

Utdrag frå FHI i si vurdering, datert til kommunane 14.01.2022:

Vudering av individuell nytte:

I vurderingane er nytte (effekt av vaksinering) for det enkelte barnet vurdert i forhold til risiko for alvorlege biverknader og nytte for samfunnet. I tillegg har det blitt vurdert om det å gjennomgå infeksjon som barn kan vere gunstig for immunforsvaret på lang sikt. Vaksinering kan gi beskyttelse mot alvorleg sjukdom hos barn, men behovet er begrensa når desse aldersgruppene har låg risiko for meir alvorleg sjukdom i utgangspunktet.

I tillegg har 12-15-åringane allereie god beskyttelse mot meir alvorleg sjukdom etter første vaksinedose, sjølv om varigheita av denne beskyttelsen er usikker. Andre dose til 12-15-åringene vil føre til at nokre fleire ungdommar får myokarditt, sjølv om tilstanden er svært sjeldan og eit langt intervall mellom dosene reduserer sannsynlegheita. Det er begrensa kunnskap om sjeldne biverknader ved vaksinasjon av barn 5-11 år, og kort oppfølgingstid.

Vurdering av samfunnsnytte:

Samfunnsnytten ved vaksinasjon av barn og andre dose til ungdom 12-15 år er vurdert, men blir ikkje lagt like stor vekt på som den individuelle nytten hos desse. Betydninga av å vaksinere heile barnebefolkninga er liten når smitten likevel spreier mellom vaksinerte. Vaksinasjon av barn og andre dose til 12-15 åringar kan ha effekt på smittespreiinga, men med etablering av omikron er effekten sannsynlegvis kortvarig og begrensa.

Konklusjonar:

Norske data viser at gjennomgått infeksjon hos ungdom kan gi svært god beskyttelse mot ny infeksjon, og det kan difor vere ein fordel for beskyttelse mot nye virusvariantar i fremtida. Folkehelseinstituttet vurderer difor at vaksinasjon av barn og andre dose til ungdom 12-15 år bør vere den enkelte sitt val, og ikkje ei sterk anbefaling frå helsemyndighetene.

Barn 5 - 11 år:

Kan vaksinerast med 1 eller 2 doser dersom føresette ønskjer det. Vaksinasjon er mest aktuelt for:

  • Barn med kroniske sjukdommar (same gruppe som er anbefalt influensavaksine)
  • Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse
  • Barn som har auka risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein utsett situasjon

Ungdom 12 - 15 år:

Tidlegare har denne gruppa fått tilbod om dose 1. Dette konkluderar FHI om tilbod om dose 2 til denne aldersgruppa:

  • Kan vaksinerast med 1 eller 2 doser dersom føresette/barnet sjølv ønskjer det.
  • Ei dose vil redusere den allereie låge risikoen for eit meir alvorleg forløp (dersom uvaksinert).

Koronasertifikat og barn

Barn under 16 år får gyldig koronasertifikat basert på negativ test, gjennomgått koronasjukdom eller vaksine. Les meir om koronasertifikat for barn og unge hos FHI. Gjennomgått covid-19 reknast som ei immunologisk hending (vaksinedose) og reduserar behovet for vaksinedosar.

Denne informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS