Første utgåva av Storhaugen Youth Trail i gråvêr
Søndag inviterte Trollheimen Fjellsportklubb til den første utgåva av Storhaugen Youth Trail, eit løp på rundt 7,5 kilometer for aldersgruppa 13 – 17 år.
Sjølv om vêrgudane hadde bestemt seg for å prøve å øydelegge for arrangørane, så var det bra deltaking og bra med publikum som ville vere med på den første utgåva av løpet.
Vêret under sjølve løpet var ganske bra, med bortimot opphald under heile løpet, men med alt regnet som har vore gjennom sommaren og starten på hausten, så var sjølvsagt løypa våt og sleip.
Kort løype for dei aller yngste
Dei yngste løparane, det vil seie 11 og 12 åringane hadde ei løype på rundt 1,5 kilometer.
Start og målgang var ved Bruset, og løypa gjekk innover, via Fosstrøinn til Philipbrua, over den og ut att Ramsøydalane og attende til Bruset for målgang.
4 jenter og 5 gutar deltok i den kortaste utgåva av løpet.
Lang løype for dei eldste
Dei eldste, altså dei som var 13 – 17 år, hadde ei løype på rundt 7,5 kilometer. Her var det også start og målgang ved Bruset. Løypa gjekk via Fosstrøinn til Bjørli, derifrå opp til Storhaugen og ned att til målgang ved Bruset.
Anders Dalsegg Bruset var raskast på dei 7,5 kilometrane og kom i mål på tida 46:48, før Arne Moen Rodal på tida 46:59 og Aron Aasgård på 51:21.
Resultatliste Storhaugen Youth Trail 2026
Nøgd arrangør
- Sjølv om ti kunne ha tenkt oss betre vêr, så er vi godt nøgd med den første utgåva av Storhaugen Youth Trail, sa leiar i Trollheimen Fjellsportklubb, Mette S. Ormset etter løpet.
- Vêret får vi ikkje gjort noko med, men har inntrykk av at både løparane og publikum tross alt er fornøyd, og det er det viktigaste, la ho til.
Trollheimen Fjellsportklubb ha også planer om å arrangere Storhaugen Youth Trail neste år, så da får vi håpe vêret, i alle fall litt betre, slik at fleire blir med!