Surnadal NTN Taekwon-Do klubb:

En utøver i beskyttelsesutstyr viser fram en medalje i en stor innendørshall.
Frå siste NM der Ulrik Akrim vann med coach Anders Bolme. Begge skal til World Cup i Benidorm i september.

Kviler ikkje på laurbær

Satser frisk på gamle og nye medlemmer.

Publisert

Surnadal NTN Taekwon-Do klubb har nettopp vore med og lagt bak seg fleire vellukka sommarleirar. No er tida snart komen for å starte opp med klubbtreninger igjen. Dette er eit breddetilbud, i tillegg til at dei fem mest aktive kokurranseutøvarane er tatt ut til World Cup i Benidorm i månadsskiftet september/oktober.

No håpar klubben at tidlegare medlemmer børstar støvet av drakta etter sommaren og startar opp igjen. Treningstidene blir lagt på facebooksida til klubben.

– Det blir i tillegg starta eit lite nybegynnarparti i slutten av august, der det er plass til seks ungar, men dei må ha med seg kvar sin vaksen som også trener samtidig, seier ledar Kjell Gunnar Polden. Påmeldinga skjer gjennom nettsida til klubben.

Taekwondo-utøvere i hvite drakter står og sitter samlet i en gymsal.
Grand Master Willy Van De Mortel frå Nederland var instruktør for gruppa under sommarleiren.

– Vi er i rute til oppstart på begge avdelingane, både på Nordmøre Folkehøgskule og på Ålvundeid, seier Polden

Klubben har to avdelingar som er omtrent like store. Den eine trener på Nordmøre Folkehøgskule, den andre på grendahuset på Ålvundeid. Konkurransetreningane foregår på Nordmøre Folkehøgskule.

Powered by Labrador CMS