Surnadal kommune

Møte i konferanserom med deltakere, skjermpresentasjon og taler ved podiet.

Saker frå kommunestyremøte

Tysdag hadde kommunestyret i Surnadal møte. Den viktigaste saka på agendaen denne dagen handla om skulestruktur. Dette er nokre av dei andre sakene som vart behandla.

Publisert

Ordførar Hugo Pedersen og kommunedirektør Lars Inge Kvande heldt sine orienteringar til kommunestyret. Kommunedirektøren nevnte i si orientering at i år blir kommunehuset stengt i to veker i ferietida, fra 20. juli til 31. juli. Det kjem til å vere folk på jobb, og det går an å avtale møte på førehand, men ein vil prøve å komprimere noko av ferieavviklinga på denne måten.

Den saka som tok mest tid å behandle på dette møtet var saka om eventuell innfasing av Mo skule i Surnadal barne- og ungdomsskule. Trollheimsporten har ei eiga sak om det: Mo skule blir IKKJE nedlagt! 

Sjå opptak av saksbehandlinga og heile debatten i saka på Kommune-TV.

Avviste realitetsbehandling av interpellasjon

Kjell Johan Larsen (uavh.) lag fra ein interpellasjon med forslag om følgande vedtak:

For å ha nødvendige tiltak for å skape ein berekraftig økonomi kreves det at det avtalte samarbeidet med KS resulterer i et nedtrekk av 40 årsverk og effektuering av tabell 2 i løpet av 2026. Dette med utgangspunkt i dagens tenestenivå (594 årsverk pr 1.1.2026).

Ordførar Hugo Pedersen la fram si vurdering av saka, og ordføraren motset seg realitetsbehandling av Kjell Johan Larsen sitt forslag i interpellasjonen. Dermed kunne det ikkje fattast vedtak på dette forslaget i dagens møte.

Spørsmål om leirskule og lokala til Frivilligsentralen

Ole Joar Karlstad Bruset (H) løfta fem spørsmål frå klassekontaktane i 4.–6. trinn på SUBUS, FAU Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, og FAU Mo oppvekstsenter om leirskule på Bjørnsund, som vart stilt i dette opne brevet til kommunen.  

Kommunalsjef oppvekst Kenneth Bergstad svara mellom anna at avtalen med Bjørnsund er sagt opp, og at det er inngått ny avtale med Søvassli fjellsenter om leirskule. Han påpeika at det er eit grunnleggande prinsipp i norsk skule at opplæringa skal være gratis, og at alle elevar skal ha eit likeverdig tilbod uavhengig av familien sin økonomi. På bakgrunn av det kan han ikkje anbefale at eit leirskuletilbud delvis finansierast av foreldre. Ein har forståing for ønsket om å bidra, og tar med seg engasjementet, men løysinga må vere i tråd med regelverket og prinsippa om ein gratis og inkluderande skule. Vidare sa han mellom anna at opphaldet på Bjørnsund for årets kull allereie var planlagt og forplikta gjennom den avtalen som låg føre. Han påpeika at det har vore muleg å komme med innspel til dette gjennom den ordinære budsjettprosessen. Det vart gjort eit vedtak om dette spørsmålet i saka om skulestruktur på det same møtet.

Trond Håskjold (H) stilte spørsmål om bruken av lokala til Frivilligsentralen i kulturhuset. Fleire organisasjonar som har brukt lokala til Frivilligsentralen gratis tidlegare, og har vorte overraska over at dei no må betale for å bruke dei nye lokala til Frivilligsentralen på Kulturhuset. Kommunedirektøren svara at møterommet i bakkant av Frivilligsentralen er delvis leigd ut, men det er til fri bruk når det er ledig. Ellers er møterommet i andre etasje, innanfor biblioteket, er framleis til fri bruk.

Vil ikkje ha utvida skjenketid under fotball-VM

Kommunestyret gjekk mot kommunedirektøren si innstilling om midlertidig utviding av skjenketid under fotball-VM for herrer 2026. Kommunedirektøren hadde innstilt på at Surnadal kommune, under føresetnad av at Stortinget vedtek foreslått midlertidig endring i alkohollova, opnar for at etablerte skjenkestader kan søkje om midlertidig utvida skjenketid til kl 0600 under fotball-VM for herrer 2026. 18  representatar stemte mot kommunedirektøren si innstilling, og berre 7 stemte for.

Kommunestyret slutta seg einstemmig til ein uttale om utredning av innsparingstiltak i båt- og bilambulansetjenesten. I uttalen heiter det mellom anna at Surnadal kommunestyre opplever at rapporten inneheld fakta og statistikk som underbygger behovet for videreføring av dagen ordning med to døgnambulansar i Surnadal kommune og støttar den samla vurderinga i rapporten når det gjeld Surnadal kommune.

Sjå heile kommunestyremøtet på Kommune-TV

Powered by Labrador CMS