LESERINNLEGG:
Ope brev til Surnadal kommune – om leirskuletilbodet
Til administrasjon og politisk leiing i Surnadal kommune.
På vegner av foreldra til elevar på 4.-6. trinn på Surnadal barne og ungdomsskule skriv vi dette brevet med ønske om å dele vår oppleving av prosessen rundt endring av leirskuletilbodet – og med eit oppriktig håp om dialog og samarbeid for å kunne påverke framtida til leirskuletilbodet på Bjørnsund.
Då vedtaket om endring i leirskuletilbodet vart gjort i desember, valde mange av oss foreldre å ta dette til etterretning utan sterke reaksjonar. Grunnen var ikkje manglande engasjement, men tillit. Vi fekk formidla frå både skuleleiing og kommunal administrasjon at det fanst ei skriftleg avtale om leirskule på Bjørnsund som gjaldt fram til 2027. Med dette som bakteppe trudde vi at det framleis fanst tid – tid til å snakke saman, tid til å tenkje gjennom konsekvensar, og tid til å kome med alternative løysingar dersom økonomien vart avgjerande.
Difor vart det ekstra sårt og overraskande for mange av oss då vi i etterkant forstod at avtalen likevel vart sagt opp, og at Bjørnsund ikkje lenger er eit aktuelt tilbod. For oss kjennest det som om grunnlaget vi bygde vår ro og tilbakehald på, forsvann undervegs – utan at vi fekk moglegheit til å vere del av løysinga. Slik vi har forstått det, kan oppseiinga framleis trekkjast tilbake innan mai månad, og Surnadal kommune vil då kunne behalde plassen sin på lista hos Bjørnsund leirskule Samtidig var vedtaket i desember 2025 at kommunen skulle spare om lag 100 000 kroner årleg frå og med 2026 ved å avslutte leirskuletilbodet på Bjørnsund og tilby eit alternativ på Søvassli. Når årets kull likevel fekk gjennomføre leirskuleopphaldet som planlagt, og kostnadene vart borne, har fleire av oss stilt spørsmål ved om det fanst eit større handlingsrom enn det som først vart kommunisert.
Vi ønskjer å vere tydelege på at dette ikkje handlar om motvilje mot endring, eller manglande forståing for kommunen sin økonomiske situasjon. Tvert imot har vi respekt for at prioriteringar må gjerast, og at det ikkje er mogleg å skjerme alle tilbod når ressursane er pressa. Samstundes trur vi oppriktig at foreldre kunne ha vore ein ressurs i denne prosessen, dersom vi hadde blitt invitert inn tidlegare.
For oss er det også viktig å løfte fram kvifor Bjørnsund har hatt ein særleg verdi som leirskulearena, utover det reint praktiske. Bjørnsund ligg ikkje for nært kvardagen – ein må reise med båt, vere borte over tid og ta del i eit heilt anna miljø enn det elevane er vane med. Nettopp dette skapar ein trygg, men tydeleg overgang frå det kjende til noko nytt, som gir rom for meistring, sjølvstende og ansvar på ein annan måte enn meir nærliggande alternativ. Samstundes har Bjørnsund over tid fungert som ein felles møteplass for elevar på tvers av skulane i kommuna vår og nabokommuna Rindal. Dette har gitt barna høve til å knyte nye vennskap, byggje fellesskap og kjenne seg som del av noko større enn eigen klasse og eigen skule før dei tar til på ungdomsskulen påfølgande haust. For mange elevar er dette ei unik oppleving som set varige spor, både sosialt og personleg, og som er vanskeleg å erstatte fullt ut i meir heimnære rammer.
Vi er kjende med at kommunen etter opplæringslova har plikt til å gi alle elevar i grunnskulen eit gratis og likeverdig skuletilbod, og at dette også omfattar leirskule når leirskule er ein del av opplæringa. Det inneber at kommunen ber det overordna ansvaret for kostnader knytte til undervisning, opphald og transport, slik at alle elevar kan delta uavhengig av føresette sin økonomi. Samstundes er vi òg kjende med at foreldre ikkje kan påleggjast betaling for skuletilbod, og at eventuelle bidrag må vere reint frivillige, ikkje-diskriminerande og organiserte på ein måte som ikkje bryt med gratisprinsippet eller skaper ulikskap mellom elevane.
Med dette som utgangspunkt ønskjer vi likevel å uttrykkje eit tydeleg ønske om å bidra konstruktivt og innanfor lovverket for å oppretthalde det eksisterande leirskuletilbodet på Bjørnsund. Vi ønskjer ikkje å overta kommunen sitt ansvar, men meiner det burde vere mogleg å utforske lovlege og ryddige tiltak i samarbeid mellom kommune, skule og foreldre.
Dette kan til dømes vere frivillige og felles spleisar der deltaking ikkje er avhengig av bidrag, praktisk hjelp eller dugnad, eller kostnadsreduserande løysingar som foreldrekøyring i staden for buss, føresett at tryggleik, ansvar og lik handsaming er ivareteken. Desse moglegheitene rakk vi aldri å drøfte, fordi prosessen gjekk raskare enn vi vart merksame på. Dette gjer oss ikkje sinte, men triste. Vi sit igjen med ei kjensle av at ein avgjerd med stor betydning for barna vart fatta før alle steinar var snudde, og før dei som faktisk kjenner konsekvensane i kvardagen, fekk kome til orde.
Vi ønskjer å understreke at vi har stor respekt for den krevjande økonomiske situasjonen kommunen står i. Vi forstår at det må gjerast prioriteringar, og at ikkje alle tilbod kan skjermast. Samstundes sit mange av oss foreldre igjen med ei kjensle av at konsekvensane av innsparingar over tid i hovudsak har råka elevane.
Fleire tilbod og ordningar har gradvis forsvunne frå skulekvardagen, medan vi samstundes opplever at administrasjonsutgiftene i kommunen aukar. Denne samanhengen er vanskeleg for oss å forstå, og gjer at leirskuletilbodet ikkje kan sjåast isolert, men må vurderast som ein del av ein større heilskap.
For å nemne nokre spesifikke tilbod som elevane har mista grunna økonomi utan at det finnes politiske vedtak, må det nemnast:
- Give me five (5.trinn)
- Storprosjektet (10. trinn)
- Inn på tunet (3. trinn)
- Inn på tunet elevbedrift (7. trinn)
I tillegg er svømmetilbodet kraftig redusert og avgrensa til perioden oktober–påske av omsyn til økonomi. I dag står elevane i hovudsak att med skidag på Nordmarka, skidag i Sæterlia (frå 5. trinn) og klassetur til Vaulen (6. trinn). Felles for desse tilboda er at kostnadene i hovudsak er knytte til buss og bemanning. Når ein ser dette samla, er det mange foreldre som sit med ei kjensle av at elevane over tid har måtta tole mykje, utan at dette nødvendigvis er godt nok synleggjort i overordna prioriteringar.
Vi viser også til månadrapport for mars 2026 for SUBUS. Der peikar einingsleiar mellom anna på at SUBUS har fått tilført fleire stillingar gjennom kommunal omstilling, utan at lønskostnadene er fullt ut budsjetterte, og at eininga difor har svært avgrensa handlingsrom. Samstundes går det fram at skulen ligg tett opp mot lærarnorma, og at ytterlegare kutt kan kome i konflikt med opplæringslova. Dette forsterkar for oss inntrykket av at leirskuletilbodet er blitt råka som følgje av akutt press og manglande handlingsrom, snarare enn som del av ei heilskapleg, langsiktig vurdering.
For mange elevar har leirskulen på Bjørnsund vore eit høgdepunkt – ei etterlengta oppleving som gir meistring, fellesskap og minner for livet. At dette no fell bort for ei innsparing på 100 000 kroner, opplevast tungt, særleg sett i lys av eit samla skulebudsjett på rundt 80 millionar kroner. Vi stiller difor ikkje spørsmål ved behovet for innsparing i seg sjølv, men ved om valet av tiltak har vore tilstrekkeleg forankra og vurdert i lys av konsekvensane for elevane.
Vi ber derfor om svar på følgande spørsmål:
1. Kan oppseiinga av avtalen med Bjørnsund setjast på pause, eller trekkjast tilbake innan mai, slik at alternative løysingar kan utgreiast før avgjerda blir endeleg?
2. Kva vurderingar låg til grunn for at leirskuletilbodet på Bjørnsund vart valt som innsparingstiltak, framfor andre tiltak med mindre direkte konsekvensar for elevane?
3. Dersom innsparing på 100 000 kroner var avgjerande, kvifor vart det då rom for at årets kull fekk gjennomføre leirskuleopphaldet som planlagt?
4. Kvifor vart ikkje foreldre og FAU involverte tidlegare i prosessen, når det kunne opna for lovlege og kostnadsreduserande alternativ?
5. Vil kommunen ta initiativ til dialog med foreldre og skule før framtidige endringar i sentrale skuletilbod blir iverksette?
Brevet er meint som ei handstrekt invitasjon, ikkje som kritikk. Vi ønskjer samarbeid, openheit og gjensidig tillit. Vi ønskjer å bli rekna med som ein ressurs – ikkje berre informert i etterkant. Framfor alt ønskjer vi at avgjerder som rører ved barna sine opplevingar, fellesskap og læring, blir vurderte grundig og i brei samanheng.
Barna våre skal leve med konsekvensane av vala som blir tekne i dag. Difor håpar vi at kommunen framover har rom for å bruke meir tid på dialog og involvering – også når økonomien er pressa. Vi trur framleis at gode løysingar finst, når ein ser heilskapen og står i lag.
Med venleg helsing Klassekontaktane i 4.–6. trinn på SUBUS, FAU Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, og FAU Mo oppvekstsenter