ANNONSE:
17. maifest på Eidet bedehus
Alle er velkomne til 17. maifest på Eidet bedehus søndag kl. 19.00.
Av det flotte programmet vårt nemner vi : Ord for dagen, solosong ved Svein Volle, fiolinmusikk ved Ellen Rensvik og pianomusikk ved organisten vår, Amund Valle. Det blir og kåseri og quiz.
Servering av kaffe og kaker høyrer sjølvsagt med.
Ikkje inngangsbillett, men høve til å støtte bedehuset med ei gåve.
Få med deg vener og kjente til ei fin avslutning på grunnlovsdagen !