LESARINNLEGG:
Rasjonalisering av fylkeskommunen, fortsetter!
FrP lova kraftig rasjonalisering av fylkeskommunen, prioritering av vidaregåande skular, ferjedrift og asfalt, og få orden i den økonomiske branntomta vi tok over frå AP, SP og co. Alt dette har vi levert i fylkestinget, og litt til.
Som gruppeleiar for FrP sin fylkestingsgruppe har eg vore klokkeklar på at så lenge fylkeskommunen eksisterer, skal sløseriet stoppast, byråkrati kuttast ned mest mulig, og galskapens selskap slik som bærekraftshubb og anna fjas legges ned.
FrP vart desidert største partiet her i fylket, men innbyggerne ville dei andre partia ikkje lytte til, slik fekk Høgre fylkesordførar.
men, FrP tok politikken.
Alle husker sikkert at Høgre forsøkte seg med eit brudd med FrP, KrF og Venstre der Høgre braut budsjettavtalen og samarbeidet på borgarleg side og spratt over til AP og sosialistane for å kutte ferjedrifta.
Dette vart kortvarig , og Høgre kom tilbake i det borgarlege samarbeidet, og rasjonalisering av fylkeskommunen kunne fortsette, no med eit godt samarbeid mellom alle dei borgerlige partia.
Over 150 million kr er kutta i byråkrati i fylkeskommunen, og tøff prioritering av drifta har fått den fylkeskommunale økonomien på fote igjen.
Sløseriområder og selskap skal kuttast, der eg leiar arbeidet i eigarskapsutvalget for å leie fylket ut av så mange selskap og engasjement som mogeleg, over 20 selskap har fylket gått ut av så langt.
Fylkeskommunen skal ikkje eige selskap som driver i konkurranse med privat næringsliv, i til dømes eigedomsforvaltning. Her brukar ein skattebetalarane sine pengar til å utkonkurrere privat sektor.
Det har vore ein iver frå mange for å skaffe seg oppdrag i ulike råd, klubbar, foreninger, og såkalla samarbeid, der millionane har flagga til sløseriprosjektet og selskap som aldri skulle ha vore etablert.
Vi skal prioritere dei viktige oppgåvene i den fylkeskommunale drifta så lenge fylket eksisterer, der det no blant anna bør være bra slutt med fylkeskommunal innblanding med vanvittige motsegn i kommunale planer og privat utbygging.
Fylkeskommunen skal fokusere på vidaregåande skular, samferdsel, og næringslivet, der både ferjedrifta og veivedlikehold og utbygging av viktige prosjekt skal gjennomførast. Slik som Årødalskrysset, FV 60 gjennom Hornindal og vidare planlegging av Todalsfjordkryssinga, for å nevne noko.
FrP leverar det vi lova.
Vidare rasjonalisering av fylkeskommunen og byråkratiet generelt, stoppe sløsinga, og prioritere dei viktige tjenestene er vårt mål også inn i ny periode, så lenge fylkeskommunen eksisterer.
Frank Sve
Stortingsrepresentant.
Gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Møre og Romsdal FrP