Drivacupen i ny drakt
Laurdag inviterte Surnadal IL til første dag av Drivacup 2026. Dag to blir arrangert søndag frå klokka 10:00 og utover dagen.
Årets utgåve over to dagar
Årets Drivacup blir altså arrangert over to dagar, noko som er nytt av året. I tillegg blir alle kampane spela i Bankhallen, noko som også er nytt av året. Som om ikkje det var nok, så er cupen flytta frå juni til slutten av september.
Alle dei tre endringane såg ut til å vere positive for cupen, for det var fleire påmeldte lag i år enn dei føregåande åra. I tillegg slepp ein usikkerheita rundt vêret når kampane går innomhus i Bankhallen.
Mykje fotball
Laurdag var det jenter og gutar i aldersgruppa 6 – 9 år som fylte Bankhallen med fotballglede, stor innsats og mykje bra spel.
44 lag frå Tynset Idrettsforening, Rindal IL, Bøfjord/Bæverfjord, Kvass/Ulvungen, IL Søya, Halsa Valsøyfjord og Surnadal IL, spela totalt 68 kampar. 6 og 7 åringane spela 3-er fotball med vant, medan 8 og 9 åringane spela 5-er fotball.
Premie til alle
Alle spelarane fekk sjølvsagt premie. I år fekk somme spelarar medalje, medan andre fekk pokalar, men uansett var gleda over premien stor hos alle spelarane!
Open kiosk, ansiktsmåling, loddsal og lykkehjul
Dei eldste spelarar frå dei aldersbestemte laga til Surnadal IL hadde rigga seg til med ansiktsmåling, lykkehjul og loddsal.
Det var også open kiosk, der ein fekk kjøpt kaffe, brus, pølser, fiskeburgarar, sjokolade, bakels og enda meir.
Cupens flottaste scoring
Det var ikkje noko eiga kåring av cupens flottaste scoring, men Tynset Idrettsforening sin spelar Magnus Aa. Thoresen ville nok ha vunne den kåringa.
I kampen mot Kvass/Ulvungen G9 skaut han ballen i krysset frå midtbanen, til stor applaus frå både eigne supporterar og alle andre som såg scoringa.
Avsluttar søndag
Søndag er det 10- og 11-åringane som spelar sine kampar i årets utgåve av Drivacupen. Så vil ein varme opp til landskampen mellom Norge og Portugal med litt lokal cupfotball, er det berre å ta turen til Bankhallen frå klokka 10:00 søndag.