Barnas Kyrkjekveld
- Barna eig kyrkja si! Difor hører bruk og læring saman, seier Åsskard sokneråd og inviterer dei mellom 4 og 6 år til ein leikprega kveld måndag.
Her får ungane gjera mykje: Leike dokkedåp, få lyd i klokker og orgel, øve høgtideleg prosesjon og tenne lys. Frå «Mi Kyrkjebok» blir det song og historier.
Til slutt får alle mat i Kyrkjestua.
Søndag den 4. oktober er det jubileumsgudsteneste når kyrkja fyller 150 år. Da får 4- og 6-åringane «Mi Kyrkjebok» i gåve.