Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder:

Tett skogkledd fjellside med åser og delvis skyet himmel.
Bøkleppen.

Høyring av skogvern i Surnadal kommune

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sender forslag om oppretting av Bøkleppen naturreservat i Surnadal kommune ut på høyring. Dette skriv Statsforvaltaren på sine nettsider.

Publisert Sist oppdatert

Området er tilbydd av grunneigar etter ordninga med frivillig vern. Det er skogeigarforeininga Allskog som har formidla tilboda.

Verneplanen omfattar vern av den truga naturtypen frisk rik edellauvskog og regnskogsmiljø på vestsida av Trongfjorden på Nordmøre.

Frist for fråsegn til framlegget er 27. november 2026.

Føremål med vernet

Skogvernet skal bidra til at ingen artar og naturtypar vert utrydda og at eit representativt utval av norsk natur blir bevart for kommande generasjonar. Nær halvparten av alle truga artar lever i skogen, og dei aller fleste av desse er knytt til den gamle og relativt upåverka skogen. Vern er eit viktig tiltak for å ta vare på eit representativt utval av ulike skogtypar og sikre leveområda for artar og naturtypar i norsk skog. Skogvern er derfor eit viktig og prioritert tiltak for å bevare norsk naturmangfald. Stortinget har vedteke eit mål om å verne 10 prosent av skogarealet i Noreg.

Viktige naturtypar

Området i meldinga omfattar frisk rik edellauvskog og fleire nøkkelbiotopar. Det er registrert 15 truga artar i området, mellom anna raudlista sopp og karplantar som kvit skogfrue. Naturlege prosessar som ras skaper stadvis eit variert og dynamisk skogbilete.

Fylkesskogmeister har vurdert eit vern her for å ha mindre innverknad for tømmertilgangen lokalt og regionalt. Det er ein føresetnad for vern at det vert inngått avtale om erstatning.

Les om korleis du kan gje innspel i saka på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine nettsider

Powered by Labrador CMS