Kommunestyremøte i Surnadal
Mo skule blir IKKJE nedlagt!
Tysdag har kommunestyret i Surnadal møte, og det knytta seg stor spenning til utfallet av saka om eventuell innfasing av Mo skule i Surnadal barne- og ungdomsskule.
Les heile saksframlegget på Surnadal kommune si heimeside.
Kommunedirektøren si innstilling i saka var slik:
1. Mo skule blir fasa inn i Surnadal barne- og ungdomsskule frå skuleåret 2026/2027.
2. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre nødvendige organisatoriske og
bygningsmessige tilpassingar innafor vedtekne økonomiske rammer.
3. Det vert ei eiga sak knytt til endringar i skulekrinsgrensene i tråd med vedtaket ovafor.
Vurderinga byggjer på ei samla avveging av økonomi, kapasitet, kvalitet i opplæringa og omsynet til elevane, heiter det i saksframlegget. Kommunedirektøren vurderer at innfasing frå hausten 2026 vil bidra til ei meir økonomisk berekraftig organisering av oppvekstsektoren, og at det er mogleg å etablere ei forsvarleg løysing frå skuleåret 2026/2027. Eventuelle investeringar som omtala i saka vil gje auka kostnader knytt til renter og avdrag, men har avgrensa konsekvensar for driftsøkonomien over tid.
Vidare står det i saksframlegget at kommunestyret i sak 74/25 vedtok å greie ut innfasing av Mo skule i Surnadal barne- og ungdomsskule (SUBUS), etter at nødvendige utgreiingar var gjennomførte. Det vart lagt til grunn at saka skulle belyse økonomisk effekt, kapasitet ved SUBUS og konsekvensar for elevar og tilsette.
Vidare står det i saksframelegget at saka har vore på høyring, og det er gjennomført dialogmøte med tilsette, føresette og andre interesserte. Frist for høyringsinnspel var 24.04.2026. Det kom inn 40 høyringssvar.
Kenneth Bergstad, kommunalsjef oppvekst, la fram saka for kommunestyret.
Ole Joar Karlstad Bruset (H) la fram eit forslag frå Høyre. Dei foreslo at punkt 1 blir endra til at Mo skule blir lagt ned og innlemma i SUBUS frå skuelåret 2027/28.
Høyre kom også med eit tilleggsforslag om at innsparing med heilårseffekt på 3.900.000 kr ved å legge ned Mo skule går til å redusere uspesifiserte kutt innen oppvekt frå 5.000.000 til 1.100.000 frå nedleggingstidspunktet.
Kjell Johan Larsen (uavh.) sa at han er imot å sende elevar frå Mo til SUBUS, der store problem blir enda større.
Silje Beate Holten (Sp) la fram eit felles forslag frå Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Rødt og MdG. Dei foreslo at Mo skule blir vidareført, og ikkje innfasa i SUBUS. I forslaget sto det også at dersom elevtalet ved skulane blir 25 elevar eller mindre, blir gjeldande skule samanslått med SUBUS frå 01.08 året etter dette eventuelt skjer. Dersom barnetalet ved barmehagane ved oppvekstsentra blir 12 plassar eller mindre blir gjeldande barnehage samanslått med ein av sentrumsbarnehagane frå 01.08 året etter dette eventuelt skjer. Dette for å sikre ein forutsigbar prosess (...)
Jorid Aarvåg (Ap) påpeika at dette ikkje er eit val mellom å legge ned Mo skule, eller å fortsette slik som i dag. Den luksusen har ein dessverre ikkje. Ho sa at ho skulle ønske at ein ikkje trong å kutte i oppvekst i det heile, men at alle ser at det er nødvendig. Ho fekk støtte frå fleire partifeller.
Gøran Bolme (Sp) sa at han veit at delar av kommunen held pusten denne dagen. Han påpeika mellom anna at det ikkje er plass til elevane frå Mo på SUBUS, og at det var lova at allle innspel, barnas stemme og barnas beste skulle vege tungt denne gongen.
Helge Røv (Ap) uttalte at han var svært usikker i denne saka, men at han ville støtte Senterpartiet sitt forslag.
Bjørg Aa (H) minna om fleire punkt, mellom anna at kommunen er på ROBEK og må ta inn ei udekka meirforbruk på 40 millionar kroner. Ho minna også om fordelar for elevane med å gå på ein større skule med større miljø og fleire å vere saman med.
Trond Håskjold (H) sa at dersom ein vedtek å bevare Mo skule denne gongen, så vil det berre ta månader før det same spørsmålet kjem opp på nytt.
Ken Marius Pedersen (Ap) og Øystein Halle (Ap) sa at dei ville støtte Høyre sitt forslag i skulesaka.
Kommunedirektøren si innstilling vart sett opp mot fellesforslaget frå Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Rødt og MdG. Kommunedirektøren si innstilling fall med 11 stemmer mot 16.
Fellesforslaget frå Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Rødt og MdG vart deretter sett opp mot Høyre sitt forslag. Fellesforslaget frå Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Rødt og MdG vart vedtatt med 16 mot 11 stemmer.
Mo skule blir dermed IKKJE nedlagt, og skal bestå så lenge elevtalet er over 25.
--
Ole Joar Karlstad Bruset (H) kom med to nye tilleggsforslag frå Høyre.
Det eine tilleggsforslaget var at innsparinga på 1.000.000 kr ved å legge ned kantine fjernast frå innsparing innan oppvekst, og endrast til uspesifisert kutt. Dette med ønske om å finne løysingar som gir innsparing kantine, og samtidig oppretthalde eit tilbod, som kantine frå 5. - 10. klasse og kantine på oppvekstsentra. Hvis dette ikkje kan oppnås står administrasjonen fritt til å kutte kantinetilbudet for å dekke inn uspesifiserte kutt. Dette vart vedtatt med 21 stemmer mot 6 stemmer.
Det andre tilleggsforslaget frå Høyre var at administrasjonen går i dialog med klassekontaktane og FAU for å finne løysingar som kan finansiere dei 100.000 kronene som skal til for å behalde tilbodet om leirskule på Bjørnsund. Detter forslaget vart vedtatt med 25 mot 2 stemmer.
--
OBS: Det som er nemnt over er berre korte utdrag frå ein lang debatt. Vi oppfordrar alle til å sjå opptak på Kommune-TV for å få med seg heilheita i debatten.