Tre smilende personer står sammen innendørs foran en døråpning og vinduer.
Elin Moen Lysø, Råg Ranes og Elisabeth Holten planlegg praktbok om Vindøldalen.

Planlegg praktbok om Vindøldalen

Elin Moen Lysø i Vindøldalen Utmarkslag har teke initiativet til ei praktbok om Vindøldalen, meldar Blomsterhaug forlag i ein pressemelding. Planen er at boka skal kome ut til jul i 2027. Med seg har ho fått Elisabeth Holten frå Vindøldalen Velforening, Råg Ranes, også frå Utmarkslaget og Anita Land frå Blomsterhaug forlag.

Publisert

No vil dei samle bilde og histiorier frå denne unike dalen.

- Vindøldalen fortener ei praktbok, seier Elin Moen Lysø.

- Dalen har unik natur, kultur og historie.

Målet med boka er å skapa ei kjærleikserklæring til Vindøldalen. Boka vil bli rikt illustrert med fotografi, og innehalde tekster frå ei rekkje forfattarar. Nokre tekster blir skrivne spesielt for boka, andre er skrivne tidlegare.

Aktuelle tema i boka er blant anna historie, landbruk (markaslått, seterdrift, beiting, skogsdrift, fløyting), biologi, kraftutbygging (veg), hytteutbygging, verneområde, rein i Trollheimen, fiske, jakt og sanking av bær. Det blir òg lagt opp til småhistorier om ulike tema, som turtips vinter og sommar.

Boka blir på ca. 200 sider i stort format, innbunden, og vil eigne seg godt som ei gåvebok.

No håpar gruppa på tips, bilde og støtte til boka om denne unike dalen.

Kontakt:
Elin Moen Lysø
moenelin@hotmail.com
95259360

Powered by Labrador CMS