Dyktige barn i kyrkja
Kyrkjekvelden i Åsskard måndag samla eit tjuetal små og store. Dei inviterte 4-5-6-åringane var dyktige og livlege brukarar av kyrkja si.
På oppdagingsreise i rommet leita dei opp gjømte tegningar av ein kjend barnesong. Dei var ikkje lette å finne. Men da bileta av ein rev, ei sprukken tavle og ein hatt kom fram, stemte gjengen i «Mikkel Rev satt og skrev på ei lita tavle»!
Song og forteljing
Søndag blir det hausttakkefest og 150-årsjubileum i kyrkja. Da får 4- og 6-åringane «Mi Kyrkjebok» som gåve. Frå desse bøkene vart det sunge og fortalt bibelhistorie for lydhøre smårollingar.
Leik og høgtid
Å få leike dokkedåp, ringe med klokkene, prøve orgelet og tenne andaktslys fylte kvelden med opplevingar.
Med tanke på søndagen vart det også øvd høgtideleg prosesjon, der ungane bar fram frukt og grønsaker, blomster og lys.
Kari serverte
Kvelden toppa seg i feststund rundt matbordet i Kyrkjestua, der servitør Kari Johanne Aarnes hadde mykje godt å by på til små og store.