LESERINNLEGG:

Mann står ved siden av en brun ku i skogen med fjell og vann i bakgrunnen.
Vebjørn Hansen Berg

Landbruk, driveplikt, oppfølging i kommunane

Publisert

I Møre og Romsdal er det følgje avisa Nationen sine undersøkingar ca. 100.000 dekar ute av drift av 600.000daa. Dette har enorm betydning i eit land med så lite dyrka jord og for å kunne ha lokal matproduksjon i bygdene.

Bonde- og Småbrukarlaget er sterkt uroa for vegen dagens landbrukspolitikk tek oss med stadig færre bønder som blant anna er nøydde til å drive størst mogleg jorder for høg effektivitet, vi ynskjer å endre tilskota for å ha fleire bønder, ikkje færre.

For å få fleire bønder er det avgjerande at landbrukskontora har moglegheit til å betre følgje opp driveplikta og sørgje for at den er førehandsvis forbehalden matproduksjon.

I dag er landbrukskontora ofte underbemanna og underfinansierte i forhold til arbeidet dei skal gjennomføre.

Bonde- og Småbrukarlaget har over fleire år arbeidd for at vi skal få teigbaserte tilskot som utjamnar driftsulemper.

Vi ynskjer oss også eit digitalt skifteregister for å ha kontroll på kva jorder som er i bruk og ikkje. Dette vil gjere det tydeleg kva areal som er tilgjengeleg og arbeidet til landbrukskontora enklare å handheve.

Det er på høg tid at vi tek i bruk dei digitale karta som vi har tilgjengelege for å bidra til auka matproduksjon.

Powered by Labrador CMS