«Velsigna du dag over fjordan». Eva Henriette Bøklepp syng Nordnorsk julesalme på den internasjonale gudstenesta 18. desember.
«Velsigna du dag over fjordan». Eva Henriette Bøklepp syng Nordnorsk julesalme på den internasjonale gudstenesta 18. desember.

"Velsigna de evige ordan"

Jula er rik på opplevingar – i heimen og bygda. Midt i feiringa står kyrkja kanskje tydelegare enn på lenge?

Publisert

Ein gallup viste at 2/3 av folket vårt ville delta på gudsteneste før jul i år – helst julaftan. Etter nedgangen under koronapandemien (frå over 500 tusen til 110 tusen kyrkjebesøk på julaftan) viste statistikken i fjor rundt 350 tusen. Spørrerundar i haust antyda heile 800 000. Kor mange som verkeleg deltok, veit vi rett nok ikkje, men mykje tyder på at kyrkjeleg jul er liv laga!

Messer og konsertar

Statistikk til side: Også i vårt lokalmiljø har juletida prega kyrkjene. I heile desember hadde vi adventsgudstenester, lysmesser og konsertar. Og romjula har stadig juletrefester i grendene.

Kvar og ein opplever nok jula på sin måte - med ulik vekt på tradisjonar og innhald. I dette stykket let vi ein del biletglimt vise litt av kyrkja si feiring av advent og jul. «De evige ordan», som Trygve Hoff syng, er tydeleg aktuelle!

«Tenn lys!»

Konfirmantane har i lysmessene markert at advent betyr «kome». Med lesing og lystenning har dei peika på kva jula inneber – at Jesus kjem. Bibel og lyssymbol har stått sentralt: «Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys». Jesus omtalar både seg og oss som «lyset i verda». Lyset gjennomstrålar bokstaveleg allsongen i messene.

Lyset som adventsymbol. Konfirmantar under lysmessa i Todalen 3. desember
Lyset som adventsymbol. Konfirmantar under lysmessa i Todalen 3. desember

Skulegudstenester

Fleire skular ønska at elevane skulle få høve til å delta på gudsteneste før jul. Da har kyrkja stilt opp – både Rindal, Øye og Todalen har hatt skulegudstenester med formidling av kunnskap og tradisjon.

Symbola gjer julehistoria levande. Her har dei tre vise kome med «gull, røykjelse og myrra» til kyrkja i Todalen
Torbjørn Brøske og unge medliturgar skapte ei fin gudsteneste i Nordvik Forsamlingshus tredje søndag i advent.
Torbjørn Brøske og unge medliturgar skapte ei fin gudsteneste i Nordvik Forsamlingshus tredje søndag i advent.
Prest Torbjørn Brøske samtalar med elevane på skulegudstenesta i Todalen
Prest Torbjørn Brøske samtalar med elevane på skulegudstenesta i Todalen

Internasjonalt

Måndag før jul samlast utlendingar og sambygdingar i Øye kyrkje. På initiativ frå Eva Henriette Bøklepp har flyktningetenesta i Rindal og Surnadal samarbeidd med kyrkja om «internasjonal» gudsteneste dei to siste åra. Deltakarane tente levande lys kring heile globen (symbol for jordkula) - eit sterkt inntrykk av fellesskap på tvers av alle skillelinjer. Om ikkje alle songane var like kjende, tona i alle fall «Glade jul» (Stille natt) godt i forsamlinga. Og Eva Henriette si framføring av «Nordnorsk julesalme» (med Linda Torvik på piano) var ei varm og tidlaus oppleving: «Velsigna de evige ordan». Prost Vidar Rygh heldt juleandakt - avsnitt for avsnitt tolka til ukrainsk av Juliia Halle.

«Heile verda» (globen) med julebodskapens lys – tent av flyktningar i Øye kyrkje.
«Heile verda» (globen) med julebodskapens lys – tent av flyktningar i Øye kyrkje.

Godt oppmøte julaftan

Julaftan var gudstenesta i fleire kyrkjer betre besøkt enn på lenge. Eg deltok i Åsskard og Todalen og kan bekrefte dette. Her heldt Torbjørn Brøske gripande preiker, og konfirmantar deltok. Ei songgruppe i Åsskard la korstemmer til salmane og framførte mellom anna «Julverset frå Stangvik» i Edvard Bræins klassiske tonedrakt.

Marie, Gunhild, Kristian, Ann Magret, Borghild og Nora song «Et lidet Barn saa lysteligt» i Åsskard-kyrkja.
Marie, Gunhild, Kristian, Ann Magret, Borghild og Nora song «Et lidet Barn saa lysteligt» i Åsskard-kyrkja.

Juledag 

Høgtidsgudstenestene på juledag manglar enno litt på god gammal oppslutning. Frå Stangvik har Jens Settemsdal eit fint referat på Trollheimsporten. I Øye kyrkje deltok ein trio frå Trollheimsbrass med musikk «af Taarnene» og salmespel i gudstenesta. To songsolistar var med – Hans Olav Settem («Opp, gledjest alle») og Karen Oddny Husby Gravvold (Julverset frå Åsbø).

Juledag i Øye: Eli Berg, Sigfred Gravvold og Bjørn Stomsvik spela både frå tårn og galleri
Juledag i Øye: Eli Berg, Sigfred Gravvold og Bjørn Stomsvik spela både frå tårn og galleri
Julefigurar i Øye kyrkje. Konfirmantar deltok både på lysmessa og (her) høgtidsgudstenesta.
Julefigurar i Øye kyrkje. Konfirmantar deltok både på lysmessa og (her) høgtidsgudstenesta.
Karen Oddny Husby Gravvold song Åsbø-tonen på «Et lite barn» som høgtidsvers
Karen Oddny Husby Gravvold song Åsbø-tonen på «Et lite barn» som høgtidsvers
Barnegruppa Amigos i Bøfjorden, leia av Bodil Kvam Aasbø, hadde mange flotte innslag på juletrefesten 6. juledag.
Barnegruppa Amigos i Bøfjorden, leia av Bodil Kvam Aasbø, hadde mange flotte innslag på juletrefesten 6. juledag.

«De eviga ordan» prega så visst julefeiringa 2023!

Powered by Labrador CMS