Øye søndag:

Blide folk ved orgelkrakken.
Forsongargruppa takka Erik for fine opplevingar og ønskte han velkomen att!

Rikhaldig gudsteneste

Publisert
Mannlig prest og kvinnelig medliturg er klare for å ta imot til nattverd
- Kom, for alt er gjort ferdig! Torbjørn prest og Mali medliturg med nattverdens brød og vin.

Gode tekster og songar, tre dåp, nattverdfeiring og talrikt besøk utgjorde ei komplett gudsteneste i Øye kyrkje søndag. 

 Tor Rune Halset og Vidar Rygh var dagens tekniske team og sørga for at gudstenesta vart streama på nettet. Mali Settem gjorde fin klokkarteneste. Ingelin, Sverre og Halvor vart døypte og innlemma i fellesskapet. 

 To ord endra historia 

Prest med grønn stola foran alterringen
Torbjørn Brøske – heilt utan manus – heldt ei gripande preike om det viktigaste.

Prest Torbjørn Brøske styrte liturgien med stø hand. I preika framheva han både det nære og det grensesprengande. Eit viktig poeng var Maria frå Magdala sitt møte med den oppstadne Jesus. Deira samtale bestod av to ord, det kanskje viktigaste som nokon gong er sagt: «Maria!» - «Meister!».

 Dette møtet endra all historie. Salmen etterpå måtte difor bli Johan Halmrasts «Å salige stund», med diktarens overskrift «Maria Magdalenas jubel». 

Fulltonande engasjement 

Med takkoffer, lystenning og nattverd vart dette ei særleg rikhaldig kyrkjestund for dei 115 frammøtte - forutan dei som følgde messa på nettet. 

 Alltid trufaste forsongarar sørga for fulltonande salmesong og engasjement i dei liturgiske ledda. 

Takk til organist Erik 

Sommarens organist Erik Rosenius avslutta si vikarteneste denne dagen. Som songsolist framførte han mellom anna Dvoraks «Salme 23» og Beethovens «Lovsang».

Lysglobe med tente lys
Ved bøn og omtanke: Mange nytta lysgloben.

Etterpå fekk han takk og påskjøning frå kyrkjeverje Tor Rune Halset for spelet og songen sin i vikarperioden. Også forsongargruppa uttrykte si begeistring for samarbeidet med Erik. 

Mann i dress som får hilsen og applaus.
Ein rørt Erik Rosenius vart takka av kyrkjeverje Tor Rune for fin organistteneste og mykje storarta solosong i sommar.
Powered by Labrador CMS