
Åse Kristin Ask Bakke (AP) utfordrar Fremskrittspartiet i kyrkjepolitikken
Måndag 8. september er det stortings- og sametingsval. Valkampen er godt i gang, og søndag var Møre og Romsdal Arbeiderparti sin andrekandidat, Åse Kristin Ask Bakke, på valkampbesøk i Surnadal. Ho står på plassen etter Per Vidar Kjølmoen som var på besøk i Surnadal tidlegare i juli.
Det var på landsmøtet til Arbeiderpartiet i vår, varaordførar i Surnadal kommune, Annett Ranes, utfordra den unge stortingspolitikaren til å ta ein tur til Surnadal under valkampen. Dette responderte Bakke positivt på, og søndag var altså dagen for besøket komen.
Yngst, men engasjert
Åse Kristin Ask Bakke vart hausten 2021 valt inn på Stortinget for Arbeiderpartiet frå Møre og Romsdal, og vart med det den yngste representanten med fast plass. Bakke er kyrkje- og idrettspolitisk talsperson for Arbeiderpartiet.
Ho er også fast medlem i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, og ho brenn spesielt for kyrkjepolitikk og frivilligheita. Åse Kristin Ask Bakke er fødd i 1996 og utdanna sjukepleiar. Ho er frå Harøya i Ålesund kommune.
Variert program under besøket i Surnadal
Programmet for besøket i Surnadal starta med ein tur i Kavlvegen kultursti. Her rigga Bakke og dei lokale representantane for Arbeiderpartiet, Annett Ranes og Lilly Gunn Nyheim seg til med ein liten stand, og dei serverte kaffe og kjeks.

Det var mange som var ute og gjekk i kulturstien, og alle fekk tilbod om ein kopp kaffe og kjeks. Somme ville også slå av ein liten politisk prat med den unge stortingskandidaten.
Utfordrar Fremskrittspartiet og Listhaug i kyrkjepolitikken
Etter litt over halvanna time i Kavlvegen gjekk turen til Øye kyrkje, der kyrkjeverje Tor Rune Halset, prost Vidar W. Rygh og organist Amund Valde tok imot. Halset orienterte om den daglege drifta av kyrkjearbeidet i Surnadal kommune. Han understreka kor viktig frivilligheita er for den daglege drifta av det kyrkjelege arbeidet.
Det kyrkjelege arbeidet er mykje meir enn berre sjølve gudstenestene i kyrkjene understreka Tor Rune Halset. Han nemnte her drifta av kyrkjegardane, konfirmantarbeidet, musikk og kor, ulike samtalegrupper og babysong som døme på dette. Årsmeldinga frå kyrkjeleg fellesråd viser at aktiviteten er stor og at det har kome fleire nye populære aktivitetar dei siste åra.
Halset nemnte og kor viktig kyrkja er i beredskapsarbeidet i kommunane, men at dette for ofte blir gløymt når beredskap står på agendaen, sjølv om kyrkja er ein del av beredskapsgruppa i kommunen.
Han kunne vidare fortelje at medlemstala i Den norske kyrkja er ganske stabile og at det som ser ut som ein nedgang rett og slett heng saman med at det er færre som blir fødde no enn tidlegare. Tor Rune Halset var heilt klar på at økonomien er viktig, og at dei statlege- og kommunale overføringane no er heilt i grenseland for å kunne drifte den daglege drifta på noverande nivå.
- Vi tåler ikkje lågare overføringar utan at det får konsekvensar for drifta vår, sa han.

Åse Kristin Ask Bakke som altså er kyrkjepolitisk talsperson for Arbeiderpartiet forstod bodskapen til Tor Rune Halset fullt ut. Ho lova at ho i neste stortingsperiode ville arbeide for større overføringar til kyrkjene, og ho utfordrar her Fremskrittspartiet og Sylvi Listhaug som vil fjerne den statlege støtta til kyrkja og alle andre trussamfunn.
- Eg må innrømme eg vart direkte sjokkert da eg såg i partiprogrammet til Fremskrittspartiet at dei vil kutte all støtta til kyrkja og dei andre trussamfunna», sa Bakke.
- Fremskrittspartiet sitt svar er at dei vil erstatte dei statlege overføringane med kollekt, legg ho til.
Ho vil difor utfordre Fremskrittspartiet og Sylvi Listhaug på dette.
- Eg forstår ikkje korleis Fremskrittspartiet av alle kan foreslå noko slikt, da har dei ikkje forstått kor viktig kyrkja er for beredskapen, tradisjonane og kulturarven vår, avsluttar Bakke.
Ho utfordrar Fremskrittspartiet og Listhaug til å synleggjera korleis kollekt kan erstatte statlege overføringar utan at dette vil få alvorlege konsekvensar for kyrkja? Så da får vi sjå om Listhaug tek utfordringa og svarar ut Bakke?
Organist Amund Valde spela Surnadal-songen av Edvard Bræin på det nye flygelet i Øye kyrkje.
Opning av Taekwon-Do leir for seniorar
Bakke fekk også med seg opninga av den tredje av fire Taekwon - Do leirar i Surnadal denne sommaren. Leiren som starta søndag er for seniorar og varer fram til og med fredag.

Ein engasjert Kjell Gunnar Polden frå arrangørklubben kunne fortelje Bakke at det på denne leiren var knapt firehundre deltakarar og at arrangementet er eit samarbeid mellom Nordmøre folkehøgskule, Surnadal Taekwon-Do klubb og forbundet.

Fungerande ordførar i Surnadal, Annett Ranes, stod for den offisielle opninga, og Kjell Gunnar var full av lovord om opningstalen til Annett.
- Den var kort og god, konstaterte han.
- Eg var spesielt imponert over avslutninga, der du hadde lært deg koreansk.
Kunst på Surnadal billag avslutta valkampbesøket
Siste post på programmet var besøk på Surnadal Billeg. Det var inga kunstutstilling på billaget akkurat no, men Åse Kristin Ask Bakke og dei andre fekk ei interessant orientering om Surnadal Billag si historie av Jon Arne Mogstad.
Sjølv om det ikkje var noko utstilling i lokala akkurat no, så viste Mogstad fram nokre kunstverk han har under produksjon til ei utstilling i Arendal til neste haust.

Jon Arne Mogstad understreka at økonomiske støtteordningar frå det offentlege er heilt avgjerande for å kunne drive kunstgalleri utanom dei store byane.
Mange anlegg og mykje frivilligheit i Surnadal
Under sitt besøk i Surnadal fekk Bakke sjå nokre av anlegga frivilligheita i kommunen har bygd. Ho fekk også høyre om mange andre anlegg, og ho var imponert over kor mange anlegg og kor stor aktivitet det er innafor idrett og kultur i kommunen.
- Tydeleg at frivilligheita i Surnadal kommune står sterkt, var avslutningskommentaren Bakke hadde.
I september får vi svaret på om Åse Kristin Ask Bakke får ein ny periode på Stortinget eller ikkje, men per i dag er ho inne med god margin.