Tid for russerevy

Heile gjengen i revygruppa til russen. Ein gjeng med mykje humor.

Fuck ScHoul!

Humoren sit laust hos Surnadalsrussen 23

Publisert Sist oppdatert

Onsdag ettermiddag var Trollheimsporten innom kulturhuset og såg på øvinga til russerevyen. Revysjefane Astrid Dammen Gjeldnes og Ole Dalsegg seier at dette blir knall og mykje tull. Dei gjekk ivrig, og utan å heilt vite kva dei tok på seg, inn i rolla som revysjefar. Erfaringa dei hadde frå før var frå storprosjekt på ungdomsskulen, og dei hadde ikkje så veldig aktive roller der heller. Revygruppa har arbeidd frå ca. oktober/november med skriving og øving, og ganske intenst frå desember. Dei kunne godt starta før, seier dei med latter, for å lage revy er sjokkerande mykje arbeid, og læringskurva har vore bratt.

Revysjefane Astrid og Ole trur publikum kjem til å like revyen.
Lærarane får som vanleg gjennomgå i russerevyen. Ein lett attkjenneleg karakter spela av Trym Ranes.

Revysjefane fortel om ein revy der dei har gripe tak i det som opptek dei til dagleg, det som skjer på fritida og fest, og det det blir snakka om i gangane. Dei har gripe tak i eigne tuppete sider og sett ting på spissen med mykje sjølvironi. På spørsmål om kva som gjer akkurat deira revy så bra, svarar dei at den er lett å kjenne seg att iy, og nyskapande på det viset at han er minde intern enn kva som er vanleg på russerevyar, men det er sjølvsagt obligatorisk med litt humor på lærarane si bekostning.

Testo Kari, ein av dei artige karakterane vi treffer på revyen, spelt av Daniel Lund Paulsen
Camilla Hyttebakk har mykje revyerfaring og er ein stødig og oppmuntrande instruktør. Russen er veldig nøgd med å ha ho med på laget.

Det er mange i sving når det skal lagast revy, og ikkje alle visest på scena. Astrid og Ole kan ikkje få skrytt nok av instruktøren sin, Camilla Hyttebakk, som har vore med frå tidleg i prosessen. Dei nemner fleire gonger at ho har hjelpt dei å løfte numra til eit anna nivå, og fått fram det beste i alle. Dei set og stor pris på å ha fått hjelp av danseinstruktør Kaja Sofie Kvande med koreografi. Det har spart dei mykje tid, og gjort dansane betre.

Elles er det band som er med, fleire som jobber i kulissene og riggar, det er arbeidd med økonomi og ikkje minst pr. Pr-sjef Maria Tonning Løvtangen gjorde eit kreativt pr-stunt før helga og lurte Trollheimsporten ut på oppdrag for å sjå på hærverk, da ho sendte melding om tagging på skulen. Vi ilte til, og fann reklame for revyen. Godt jobba!

PR-stunt. Etter melding om hærverk ila Trollheimsporten til Surnadal vgs. Der fann vi kjend tagging lima opp på plast på skuleveggen. Kreativt.

Russen og instruktør ønskjer velkommen og håpar riktig mange kjem og ser revyen. Den er vel verdt billetten!

Dansarane med koreografi laga av Kaja Sofie Kvande.
Russerevyen har fleire dyktige songarar. Her øver Maria Tonning Løvtangen og Ola Gåsvatn på sitt nummer.
Powered by Labrador CMS