"E ska bli gift på mårgåskvesta" frå My Fair Lady (2002) fekk nytt liv.Foto: Sunniva Øigård
Svarrabærje i storform på «Storfemti»
Svarrabærje Teaterlag feirar i helga jubileet for den første oppsetjinga frå Surnadal BU i 1965. Etter seks tiår med revy er laget framleis i storform, og håpar på mange fleire!
Når ein fyller 60, må det sjølvsagt vere raud løpar.Foto: Sunniva Øigård
Håkon Solem, i rolla som ordførar Hugo Pedersen, ønskte velkomen til framsyninga. Han minna på same tid publikum om å tisse i pausen og fylle på igjen, men ikkje for mykje! "Itj nå tollj".Foto: Sunniva Øigård
Øyunn, Nils Inge og Eirik gav eit grundig tilbakeblikk på 60 år med revy.Foto: Sunniva Øigård
Jubileumsrevyen «Storfemti» tok publikum med på ei reise gjennom teaterhistoria i Surnadal. Programmet er sett saman av både heilt ferske nummer og fleire gjensyn frå tidlegare oppsetjingar, nokre i ny drakt.
Det var ikkje den store stemninga då laget Vårsøg samla seg til krisemøte.Foto: Sunniva Øigård
Det har vore travle dagar for Surnadal Tourist Office den siste tida.Foto: Sunniva Øigård
Svarrabærje har framleis med seg mange av dei som har gjort seg godt kjende på revyscena, i tillegg til fleire nye tilskot. Samla leverte dei humor av høg kvalitet.
Dordi Skuggevik var ein av mange lokale skikkelsar som fekk gjennomgå.Foto: Sunniva Øigård
Gledeleg gjensyn med Tove og Tove, der latteren sat laust både på og framfor scena.Foto: Sunniva Øigård
Latteren sat laust i salen, og stemninga steig ytterlegare då enkelte av dei på scena sjølve måtte kjempe for å halde seg alvorlege.
Slektsforsking har blitt noko heilt anna enn det var før i tida.Foto: Sunniva Øigård
Tore Svinvik presenterte lokale delikatessar på Svinvik gard.Foto: Sunniva Øigård
Interessa for jubileumsrevyen har vore stor, og nær alle billettane til dei tre framsyningane er alt seld. Premieren er gjennomført, men det er framleis to sjansar att for dei som vil få med seg showet.
Ingrid Ranes, som spela Jenny Klinge, måtte finne seg ei ny plan etter at Stortingstida var forbi.Foto: Sunniva Øigård
Gøran Bolme og Nils Inge Aasgård hadde teke alle ønskje i betraktning da dei la fram det nye løysingsforslaget for Todalsfjordprosjektet.Foto: Sunniva Øigård
Liv Jenny Husby Bredesen, Ann Iren Pettersen Dyri, Tonje Dahl Hjelkrem og Ragnhild Mogstad.Foto: Sunniva Øigård
Lasse Løfaldli som engelen Gabriel.Foto: Sunniva Øigård
Barception!Foto: Sunniva Øigård
Tvilsam Kalla-måleri fann vegen til det nye hotellet.Foto: Sunniva Øigård
Olav Mogstad: fødd med ski på beina.Foto: Sunniva Øigård
ChatGPT kom med halvgode råd til blant anna Råg Aarnes, Svein Sæter, Live Krangnes Edvartsen og Anders Moe Sæter.Foto: Sunniva Øigård
Foto: Sunniva Øigård
Foto: Sunniva Øigård
Foto: Sunniva Øigård
Revyen fekk eit ekstra løft med KIN dansekompani på scena.Foto: Sunniva Øigård
Når ein har heimekontor, kan ein få gjort mykje.Foto: Sunniva Øigård
Foto: Sunniva Øigård
Foto: Sunniva Øigård
Foto: Sunniva Øigård
Ståande applaus frå publikum!Foto: Sunniva Øigård
Hugo Pedersen lova å sørgje for nytt materiale til neste revy.Foto: Sunniva Øigård