Surnadal og Rindal Kulturskole

band synger og spiller på scene
Bøggez!

Talentfulle kulturskuleelevar imponerte stort

Årets juleforestilling med musikk og drama fann stad i Storstuå onsdag 13. desember.

Publisert Sist oppdatert

Kulturskuleelevane frå Surnadal viste onsdag kveld fram sine talent innanfor song, piano, band og drama. Stolte familiemedlemmar fylte Storstuå og fekk eit strålande show som varte i ca. 1,5 time.

Pianistane tok oss med på ei musikalsk reise til barokken si tid med temaet "Perler i barokken". Dramagruppa framførte to teaterstykker, "Gurin med reverumpa" og "Teater-parken". Det siste hadde elevane skrive sjølv og dei fekk publikum til å le fleire gongar! Det blei nydeleg song- og bandopptredener i fleire forskjellege sjangrar, som både rørte publikum og fekk fram rockefoten. 

Kulturskulen gir dei unge talenta ein god plattform for å vise fram sine ferdigheiter og blomstre i feltet sitt. Juleforestillinga blei eit høgdepunkt og elevane kan ta juleferie med ei svært god kjensle!

Jente spiller piano på scene
Ingrid Aasbø spelte ein "Sarabande"
Jente speler piano på scene
Hedda M. Gjerstad song og spelte piano til songen "Falling apart"
Ungdomsband på scene
Bandet "Bright fire" består av Ildri Fuglesøy, Jonas B. Fiske, Martin Langli, Nina Røen og Jonathan Arnestad Holten. Dei fremførte låta "Love is all around".
To barn i kostyme på scene
Ole Hognestad og Syver V. Melling var Ludvig og Solan i "Gurin med reverumpa".
Elever framfører teaterstykke
Anna Lila Mauset, Haakon Brøndbo, Ole Hognestad, Syver V. Melling og Sivert Magnus Fiske var med i det første teater-stykket "Gurin med reverumpa".
Jente speler piano på scene
Eiri Lysø framførte "When you wish upon a star".
Jente speler piano på scene
Magni S. Hyldbakk framførte ein menuett.
Gutt speler piano på scene
Harald Aasbø spelte både "Bjørketre i skogen" og "Glade jul".
Mor og sønn speler piano saman på scene
Mor og sønn Bodil og Vegard Aasbø framførte "I Dovregubbens Hall" saman.
Jente speler piano og jente syng
Johanne Holten og Ida Mo framførte sin norske og fine versjon av Maria Mena sin "Home for Christmas".
Jente og dame speler piano
Sofia Grewe spelte ein fin Sonatine frå barokken.
jente speler piano på scene
Tilde Berg Kvendset spelte nydeleg Sonatine.
ungdomsband spiller på scene
Adrian Runarsson, Ingebrigt K. Bergli, Ida Mo og Rune Dalager spelte "Black night" av Deep Purple.
jente spiller piano på scene
Ane Langli med nok ei nydeleg perle frå barokken.
jente spiller piano
Emma B. Fjelnseth med ein menuett frå barokken.
To jenter synger og spiller keyboard på scene
Tone Sæther og Sunniva Fiske song og spelte "Gunerius" av Karpe. Eit modig låtvalg som fungerte kjempebra!
Band på scene
Bandet Bøggez stilte i pysjbukser! Bandet består av Ida Mo, Johanne Holten, Sigve Holten, Jonas Bolli, Ingebrigt K. Bergli og Thor Alfred Sæter Lediard og dei framførte Åge-låta "Hold kjæft, ita is".
To jenter synger på scene
Sofia Grewe og Emilie Bergheim song "Selmas sang" frå Snøfall.
jente spiller piano
Maja Løvik imponerte med Mozart, Fantasi i d-moll.
to jenter synger og spiller piano
Solvår R. Bøe og Hedda M. Gjerstad ga publikum frysningar med songen "Half the world away".
teatergruppe barn
Dramagruppa framførte sjølvskrive teaterstykke med namnet "Teater-parken".
Teatergruppe framfører
Det forsvunne maleriet vart funne i busken ved parken!
Teaterforestilling barn
teatergruppe tar i mot applaus
Teatergruppa består av Alexandra Drøpping, Alva Lisa Botten, Anna Lila Mauset, Emilie Riksheim, Haakon Brøndbo, Maja Røen, Sunniva Fiske, Syver V. Bøe, Tina Sofie Strand og Tone Sæther.
band på scene
Finalenummeret var bandet "Silent" som framførte "Boulevard of Broken Dreams". Bandet består av Nina Røen, Eiri Lysø, Fredrik Garthe, Hedda M. Gjerstad, John Stinus Bæverfjord og Per Emil Røen.
kulturskuleelevar tar imot applaus
Alle musikk- og dramaelevane tek i mot ein velfortjent applaus etter forestillinga!
Powered by Labrador CMS