Pressemelding frå Surnadal kommune søndag morgon:

Ytterlegare ein gjestearbeidar med påvist smitte

Seint laurdag kveld fekk kommuneoverlegen i Surnadal melding om nok eit smittetilfelle. Det er ingen samanheng mellom det nye tilfellet av importsmitte og dei vi fekk melding om tidlegare laurdag kveld.

Ein utanlandsk gjestearbeidar i innreisekarantene har fått bekrefta positivt prøveresultat etter å ha testa seg fredag. Peronen er isolert og arbeidsgjevar er varsla. Tre kollegaer i same reisefølge er sett i nærkontaktkarantene. Desse tre vil bli testa på nytt tysdag.

Igjen dreier det seg om importsmitte hos ein person som var i karantene og ikkje om smitte som sirkulerar fritt i kommunen. Situasjonen er under kontroll, men bekreftar det store smittetrykket vi har frå utlandet og kor viktig det er med obligatorisk testing og strenge karantenereglar.

Kommuneoverlegen melder om godt samarbeid med alle berørte partar, inklusive lokale arbeidsgjevarar. Dei besørgar matombringing, både til dei som er i isolat og til dei som er sett i nærkontaktkarantene.

Saka er publisert på Surnadal kommune sin heimeside.

Powered by Labrador CMS