Pressemelding:

Leiande helsesjukepleiar Heidi Elnes Fiske

Surnadal kommune har motteke første vaksineforsending!

Onsdag kom den første pakken med edle dråpar av koronavaksine til Surnadal. Dette er ein merkedag, sjølv om antal doser er berre 25 stk.

Leiande helsesjukepleiar Heidi Elnes Fiske har ansvaret for mottak og fordeling av koronavaksiner i Surnadal kommune. Den første dosen blir sett på ein bebuar på sjukeheimen torsdag 7. januar. Deretter skal alle dosene settast i raskt tempo utan at noko går til spille.

Einingsleiar Marit Moe Kvendbø ved Surnadal sjukeheim og spesialsjukepleiar Ingunn Mikkelsen.






Informasjon om koronavaksinering i Surnadal kommune

Vi har ikkje opna opp for bestilling av koronavaksine for befolkninga enno, men dette blir kunngjort etterkvart. Meir informasjon og oversikt over koronavaksineringa så langt i Surnadal kommune finn du på denne nettsida.

Powered by Labrador CMS