Kommuneoverlege Bjørn Buan
Kommuneoverlege Bjørn Buan

Gjestearbeidar har testa positivt ved innreise

Gjestearbeidaren er registrert i Surnadal, men befinn seg i ein annan kommune på oppdrag og er isolert der.

Publisert Sist oppdatert

Kommuneoverlegen fekk i kveld melding om positivt prøvesvar på testen som gjestearbeidaren tok ved innreise til Norge fredag. Arbeidsgjevaren bur i Surnadal og er sett i nærkontaktkarantene. Husstanden er sett i vente-karantene. Ytterlegare ein person i Surnadal er sett i vente-karantene. Desse personane vil bli testa i morgon, måndag.

Gjestearbeidaren blir følgt opp av kommunen kor vedkommande befinn seg på oppdrag.

Situasjonen i Surnadal er avgrensa og under kontroll.

Med vennleg helsing

Bjørn BuanKommuneoverlege i Surnadal