Øyvind Smidt, Marit Løfaldli, Ingrid Storlimo og Ronny Kjøsen skapte julestemning i Øvre Rindal kapell.

Strålande Spellmannsjul i Øvre Rindal kapell

Publisert Sist oppdatert

Fjerde sundag i advent arrangerte Trøen kammersmusikk "Spellmannsjul" som siste av sju konsertar på turnéen. Det var ein verkeleg bra konsert med blanding av kjente og mindre kjente, men alle særs fine songar som blei framført på eit fenomenalt vis.

Julestemning og blide fjes

Ute var det snø i vindkasta, men den blei fort gløymt da vi var komne inn i kapellet og blei møtt av ein smilande Ronny Kjøsen bak eit bord med solbollar, kardemommeknutar, skulebrød og anna bakst frå Gardsbakeriet Hæmstelt.

På andre sida av midtgangen sat ei like blid Ingrid Storlimo med varm gløgg. Karstein Mauset var klar til å styre lyden, og juletreet var pynta med ei lysande stjerne i toppen. Det var tent levande ljos på alteret, og julestemninga var på plass før første tone var satt.

Ingrid Storlimo med varm gløgg.

Høg standard i Øvre Rindal kapell

Klokka to stilte dei fire musikarane seg opp; Øyvind Smidt, Marit Løfaldli, Ingrid Storlimo og Ronny Kjøsen. Øyvind tok opp fiolina og starta å spele "Jeg er så glad hver julekveld" med ein tone frå Budalen, og alle fire set standarden allereie på første song, noko dei held oppe gjennom heile konserten.

To av firkløveret, Øyvind Smidt og Marit Løfaldli

Kvartetten var på turné. Dei har opptredd i Heidalen, Dovre og no fem plassar i Trøndelag. Øvre Rindal kapell var siste stopp.

-Eg har køyrt forbi mange gonger før eg flytta hit, og tenkt: -Her har eg lysst til å ha konsert, smiler Ronny, og var godt nøgd med oppmøtet.

Lokal musikk og magisk framføring

Ronny har sjølv laga melodien til "Jul", ein song som er frå heimbygda hans Hølonda.

"Et barn er fødd i Betlehem" blei framført med ein tone etter Brit Kattem som har blitt sett saman med ein reinlender etter Rolv Storholt.

Dei framførte "Mitt hjerte alltid vanker" med ein særs fin tone frå Todalen som var sett saman med ein vals "Gauast valsen på Nordmør" etter Hallvard Ørsal.

Henning Sommerro har skrive tonane til "Håpet er ei stjerne".

I tillegg blei Ronny´s favorittjulesong "Det lyser i stille grender" sunge fleirstemt av Øyvind, Ingrid og Ronny. Ei magisk framføring.

Nyutsleppte songar

Overnemnde trio har nyleg sleppt ut to songar. Dei har vore med på kvarandres songar tidlegare, men det er første gong dei har lagt ut songar som trio.

Ingrid song smilande "Advent", ein song der teksta er skrive av Astrid Krog Halse og Ronny har laga melodien på.

"Spellmannsjul" handlar om kor fint det er å ha nokon å vere saman med i jula. Nydeleg sunge av Øyvind med gitar, Ingrid bidrog til tostemt song og spela på fiolina mens Ronny spela på trø-orgel.

Unikt

Den var ein unik konsert som vara i ein og ein halv time med ei blanding av lystige og rolege songar i kjente og mindre kjente tonar. Firkløveret viste ein framifrå formidlingevne. Og smila og det å sjå kor dei kosa seg under songane, smitta over på publikum.

Den som ikkje hadde julestemninga før, har det nok i alle fall no.

Takk for ein fenomenal konsert!

Øyvind Smidt, Ingrid Storlimo og Ronny Kjøsen har nyleg lagt ut songane "Advent" og "Spellmannsjul".
Powered by Labrador CMS