Et sangkor med voksne og barn.
HeimKlang og Stjernebarna framførte «Blåmann, Blåmann, bukken min» i fellesskap.

Sprer songglede

Få kor har så stor aktivitet som HeimKlang i Halsa. Her lever songgleda!

Publisert Sist oppdatert

Sist torsdag hadde koret vårkonsert i kommunestyresalen på Liabø. Også Stjernebarna med instruktør Marte Seter Otnes deltok. Ragnhild Liabø Fjeldstad heldt eit ypperleg kåseri. 

Rikhaldig

Med dirigent Turid Røen Kroknes som programleiar vart konserten ei rikhaldig hyggestund. Koret framførte vårsongar, slagertonar, spirituals, viser og til og med Griegs «Ved Rondane». 

Etter å ha sunge «Blåmann» i lag med vaksenkoret viste Stjernebarna sine ferdigheter - med livleg bevegelse og soloinnslag over musikk på playback.

Barn som danser, og eldre som ser på.
Stjernebarna i rytmisk dressur. Tru om dei gamle ordførarane på veggen opplevde slikt på møta sine?

I samtale med Siri Sæterbø fortalte Oddny Bjerknes Garbov kor mykje deltakinga i demenskoret HeimKlang betyr for henne.

«De nære ting»

Ragnhild Liabø Fjeldstad hadde eit friskt og tankevekkande kåseri om verdiane nær oss. Ho imponerte også med uttrykksfull songstemme og sjøllaga dikt. I den samanhengen kom allsongane «Mellom bakkar og berg» og «De nære ting» fint til sin rett.

Ei dame som leser fra et ark.
Ragnhild Liabø Fjeldstad framheva det nære – med kåseri, song og her: i eigne vers.

Kaffepause med god servering og ei skikkeleg utlodning hørte med. Trekninga til slutt var eit av kvelden mange høgdepunkt. Massevis av fine gevinstar fekk nye eigarar!

Ei eldre dame og ei ung jente med ei eske i handa.
Katrine og bestemor vann konfekt på utlodninga.

Og – berre så det er sagt: Allereie torsdag 6. juni sprer HeimKlang meir songglede - da i lunsjkonserten på Liatunfestivalen!

Publikum i et forsamlingslokale.
Song har publikumstekke. Mange møtte fram på konserten.

 

 

Powered by Labrador CMS