Iransk varme i vårkvelden

- Forstår ikkje kva dokk tenkje på, var det første Henning Sommerro sa da han opna den sure og våte Kleivakvelden, og såg publikumshopen. Han og John Pål Inderberg framførte deretter sin versjon av Vårsøg. Dei heldt fram med Svarrabergje, også den av Hyldbakk og Sommerro. Der drog Henning liv i publikum med å få dei med som ekkoet borti Svarrabergja.

Publisert Sist oppdatert
Henning Sommerro med velkomsthelsing
Viktig støttespelar, John Pål Inderberg

Det som vermde publikum mest denne våte, småkalde maikvelden på Kleiva var nok den iranske songarinna Mahsa Vahdat. Ho er ei av dei fremste iranske songarane, men solosong av kvinner er forbudt i Iran. No bur ho i New York. Der underviser ho i song både lokalt og verdensvidt via internett.

Mahsa Vahdat framførte eit nyare dikt av ein iransk feminist og eit 700 år gamalt dikt. Ho song begge a capella og førte oss langt bort frå Kleiva med dei litt eksotiske tonespranga og den klangfulle stemmen.

VOX

Koret VOX stilte med ny dirigent, Erkki Morten Klami. Dei delte «Våren» av Grieg/Vinje med oss for å feire livet (våren) etter pandemien, som dirigenten sa. Ei flott framføring i lag med Brage Einum på piano, og med nydelege sluttonar. På «Månemann» fekk dei i tillegg rytmestøtte av Einar Sødergren. Presis og passe trolsk framføring.

Dikt I

Svein Sæter stod for den tradisjonelle presentasjonen av dikt som skuleelevar har skrive. Elevane Jonas, Ildri, Sigrid og Live representerte skrivarane. Vi fekk mellom anna høre dikt om ein som ville ha ein rev, eit datadikt og eit hyllestdikt til Nils Arne Eggen der orda starta med bokstavane i namnet hans. Ei slo til med eit kjærleiksdikt og ein med eit kattedikt.

Prisutdeling

Prisutdeling hører med på Kleivakvelden. Ordførar Margrethe Svinvik og kulturledar Lilli Husby kunne denne kvelden dele ut to prisar frå Kleivafondet i tillegg til sjølve Kleivaprisen 2022.

Margrethe Svinvik, Lilli Husby (bak), Rune Dalager og Elsa Kvande.

Prisane gjekk til prosjektet "Stemmer frå Surnadal" ved Rune Dalager og til Tordenskjold Songlag ved Elsa Kvande for eit korprosjekt i samband med at det neste år er 125 år sidan Hans Hyldbakk vart fødd.

Kleivaprisen

Søstrene til Kleivaprisvinnar 2022, Sigrid Vetleseter Bøe, - frå venstre Ida, Nora Maria og Gunnhild med prisplakaten.

Så vart det kunngjort at songarinna Sigrid Vetleseter Bøe fekk Kleivaprisen 2022. Ho kunne ikkje møte og ta imot prisen sjølv, men dei fire søstrene tok imot prisen for henne. Eigentleg så hadde ho alt fått prisen før ho måtte reise tilbake til Stockholm der ho arbeider. Det kan du lese meir om her!

Dikt II

Eit anna fast innslag på Kleivakvelden er diktlesinga til John Paul Inderberg. Heller ikkje i år såg det ut til at han hadde orden i manuset, og tekstene var tilsvarande uklåre. Vi fekk i alle fall med oss at han var innom både lokalsjukehus, storflaum i Surna, batterifabrikk og Jenny Klinge som meinte at det er kua som får kalv.

PolkaBjørn & KleineHeine

Det er nok ingen tvil om at det var mange i publikum som hadde møtt opp på Kleiva denne kvelden for å få eit møte med tomrefjordingane Bjørn Tomren og Heine Bugge, eller PolkaBjørn & KleineHeine.

Dei vart i alle fall ikkje skuffa!

Dei leverte jodling, strupesang, blues og sprudlande trekkspelmusikk innråma av Heine sine humoristiske kommentarar. Heilt fornøgd var dei nok ikkje med publikum da dei vart utfordra til å synge som gauk i Alice Babs sin gamle song «Gjökuret». Dei meinte det verka som om nokon hadde glømt å dra opp "Gjökuret.

Avslutning

Kleivakvelden vart tradisjonelt avslutta med «Vårsøg» leda av Henning og John Pål, og med allsong.

Anders Larsen var godt fornøgd med eit oppmøte på rundt 400 personar.

Powered by Labrador CMS