Jannicke Valstad Stenberg, Arne Berg og Martin Kvande-Talgø representerte Surnadal ungdomsskule i Klassequizen.

Fornøgde etter Klassequizen

Torsdag var Surnadal sitt lag i NRK-programmet "Klassequizen" i aksjon - og det i sjølvaste Storstuå i Surnadal kulturhus.

Publisert Sist oppdatert

Etter ein test på skulen, der alle 10. klassingar ved Surnadal ungdomsskule deltok, vart det klart at Martin Kvande-Talgø frå Todalen, Arne Berg frå Vindøla og Jannicke Valstad Stenberg frå Kvanne skulle utgjere Surnadal sitt lag i årets klassequiz. Marte Dahl Andreassen frå nedre Surnadal er reserve.

Før møtet med radio og NRK-programleiar Solveig Nyhus Aksnes, fortalte dei tre at dei var spente, og at målet rett og slett var å gjere så godt dei kan.

Heile 10. klasse ved Surnadal ungdomsskule var samla i Storstuå for å heie fram klassekameratane.

Grunna smittevernomsyn gjekk radioinnspelinga føre seg i Storstuå i Surnadal kulturhus, og laget fekk med seg resten av 10. trinn som ein om lag 60 personar stor heiagjeng.

Denne innleiande runden av Klassequizen består av 12 spørsmål, fordelt på fire kategoriar. For kvar kategori er det altså tre spørsmål, som laget har til saman 30 sekund på å svare på.

Kategoriane varierer frå skule til skule, og for Surnadal sin del vart det spørsmål om "Transport", "Gull", "U" og "Otto".

Ettersom innslaget med surnadalingane ikkje blir sendt på radio før 11. november, har vi ikkje lov til å røpe kor mange rette svar Surnadal gav på dei 12 spørsmåla programleiar Aksnes stilte torsdag.

Det vi kan avsløre, er at laget sa seg fornøgde etter innspelinga.

– Det gjekk heilt greitt, seier Martin og Jannicke, medan Arne supplerer:

– Ja, det gjekk betre enn venta.

Kva det betyr i form av poeng, finn ein ut ved å høyre på radiosendinga av Klassequizen 11. november klokka 14.30.

Av dei åtte skulane som har fått innspelinga sine sendt på radio så langt, toppar Spjelkavik, med 12 av 12 rette svar. Like bak ligg Sykkylven og Helland, med 11 poeng kvar.

To vinnarar frå Møre og Romsdal skal vidare til landsfinalen.

Martin Kvande-Talgø, Jannicke Valstad Stenberg og Arne Berg klare for quiz, med avstand i henhald til smittevernreglane. Programleiar Solveig Nyhus Aksnes bak.
Powered by Labrador CMS