Annonse: Bøfjorden Historielag

Redaktør Bernt Bøe takkar for gode bidrag og flott biletstoff til årets «Gamle Nordmør».
Redaktør Bernt Bøe takkar for gode bidrag og flott biletstoff til årets «Gamle Nordmør».

Nordmørsk og allsidig

Årets «Gamle Nordmør» er ute. Kjent og ukjent kulturstoff, dramatikk, frodig persongalleri og over 300 foto fyller dei 80 sidene.

Publisert

- Vi har heile Nordmøre som stoffområde og lesarkrets, men er også frimodige nok til å vise heimbygda vår i full breidde, seier utgjevar Bøfjorden Historielag. 

Innhaldet i 12. årgang spenner frå portrett av markante personar
(Hyldbakk, meistersnikkar Magnus Aasgaard, «Pedagogjen» Bjarne Megard og fleire) via butikkhistorie og skuteskjebner til språkperler og fotballnostalgi.

Artikkelen «Fjurulangs» er essensiell bygdehistorie – med idyll og masse levd liv: Sagbruk i 400 år, meieridrift, fraktefart og tusentals bygde (og brukte!) båtar. Og her får du tips til dorgetur langs unikt kulturlandskap!

Drama

Boka røpar mykje glømt dramatikk: Kva hendte den tragiske mainatta i 1819? Eller da snøskredet tok stua i Biren ein stormdag i 1772? Visste du at ein 15-årig sildefiskar vart knivdrepen på desse trakter i 1879? Og korleis kunne nazistar i nabolaget sende ein 7-barnsfar til fangeleiren som er kalla «et glimt av helvete»?

Her er stoff om sommarfjøsa, om DS «Hjelmen I» frå bedding i Snekkvika til isgrava i Kvitesjøen, om Leikarvollen stadion og om kyrkjesmeden Hans Jacobsen. Kva tankar hadde forresten Halsa-konservator Ola «Kunst» om kyrkja si – som snart feirar 300 år? 

Heimspråk og tur-tips

Stykket «Heimspråket» er ei perlekjede av nordmørsk dialekt og eldre norsk. Kvifor seier vi «skråsikkert», «marsipan» og «Hokus Pokus Filiokus»?

Vil du høre om gamle dagars storhetstid i avsidesliggande Båtvika eller kva bøfjording det var som i 1738 vart dømt «til at miste sin Hud i Fængsel» for tjuveri?

 - Da kan du bla i årets «Gamle Nordmør»! seier styret i Bøfjorden Historielag. Dagens reportasje er ei påminning om at boka er komen. - Fotoglimt og detaljar kjem seinare, lovar dei.

Powered by Labrador CMS