Jordmor Astrid Svendsli – med legendestatus i bygdene der ho arbeidde.

Minnest legendarisk jordmor

Astrid Svendsli var jordmor i Åsskard frå 1940 til 1955. Vi minnest henne 70 år etter - saman med den første og den siste av dei ho tok imot.

Publisert Sist oppdatert

I Olastua på Bølandet fødde Gunvor K. Bøe ei lita jente den 16. februar 1940. Da hadde mannen Per henta jordmor Astrid Svendsli og utstyret hennar med båt og rodd henne over Bøsundet. Heimefødsel var vanleg, og utan vegsamband kom ho ikkje i drosje til Bølandet!

Johanne – den første

Jenta fekk namnet Johanne og vart seinare gift med Olav Jostein Holten på Toresetra i Bæverdalen, der ho bur i dag. – Eg var altså den første som Astrid Svendsli tok imot her i Åsskard, fortel ho. – Men jamen vart det mange etter meg!

Kor mange veit vi ikkje. Men biletet av avskjedsfesten som sanitetskvinnene arrangerte sommaren 1955, syner eit hopetal med mødre som takka den dyktige og omsorgsfulle jordmora si. «Ho Astrid Svendsli» var eit begrep i bygda – einsbetydande med trygghet og fagkunnskap i livets viktigaste fase.

Frå avskjedsfesten som sanitetskvinnene arrangerte sommaren 1955. Hovudpersonen i midta fremst – med ordførar Ola J. Bævre på si høgre og distriktslege Johan Øvrevik på si venstre side.

Astrid – den siste

Den 6. august 1955 vart jordmora også henta til Bølandet – sjølsagt med båtskyss. No gjekk turen frå sjøen opp til Orheim – der Gudrun og Gunnar Bøe venta det sjuande barnet sitt. Med denne – også vellykka – fødselen sette Astrid Svendsli punktum for ei stor og viktig livsgjerning.

Jenta i Orheim vart oppkalla etter den legendariske jordmora - Astrid! Ho rundar i skrivande stund 70 år, er gift med Johan Henden og bur i Betna.

Astrid Henden (t.v.) – oppkalla etter jordmora - var den siste ho tok imot i si offentlege teneste. Den 16. februar femten år tidlegare (1940) starta karrieren i Åsskard – da Johanne (Bøe) Holten (t.h.) kom til.

Det høvde slik her ein søndag at vi trefte både Johanne Holten og Astrid Henden – den første og siste av dei jordmor Astrid Svendsli tok imot i Åsskard. Da passa det å ta eit foto og få ein liten prat om henne.

Mange minnest enno den kjære, dyktige jordmora i respekt og takksemd.

Powered by Labrador CMS