Bøfjorden historielag

Fargerik hobbydag
Oppslutninga av publikum var mindre enn venta. Men kreative utstillarar og ei dyktig musikkgruppe skapte ein fin aktivitetssøndag på museet i Bøfjorden.
Frå det rike utvalget av strikkavarer vart det sikra mange fine julegåver. Artige produkt av familiane Gravvold og Petersen nyanserte utstillingane. Utstillarane fekk fin respons. Og dei tykte salget av produkt gjekk riktig bra, sjøl om kundane var relativt få.


Edvard Otnes sette fint kunstnarleg preg på dagen med sine gode måleri.

Tango a la Piazolla
Ensemblet Hjemmelaget skapte god musikkstemning med eminent framføring av variert tangomusikk. Konsertmester, arrangør og konferansier Peder Hønsvik framheva særleg komponisten Astor Piazzolla. - Utan hans fornying og utvikling ville tangotradisjonen kanskje ha dødd ut, sa han. Gruppa si framføring av fleire Piazzolla-perler understreka dette på ypperleg vis.
Skotthyll og «hardbust»
Avdelinga med gamle barneleikar fekk få deltakarar. Men skotthyll-konkurranse etter den enkle vedski-varianten og skyting med «hardbust» (barnesikker bruk av tilpassa «armbrøst») var likevel sjarmerande programinnslag.

Sabben musiserte
Anders Vaagland og Peder Sæther sørga for at båtmotoren sette preg på dagen med taktfast tøffing utafor ytterdøra. Trekkspelar Peder og trommis Tony var ikkje snauare enn at dei stilte opp og spela ein frisk trudelutt - med Sabben med innhyra perkusjonist. Sjarmerande og festleg!

Kaffe og anerkjennelse
Og kven sørga for kaffe med godsaker attåt? Jau - Torbjørg og Inger Lise denne gong.
Ein hyggeleg anerkjennelse for arbeidet med sjøbruksmuseet stod Edvard Otnes for da han forærte Bøfjorden Historielag eitt av sine gode måleri som gåve.
