Sjøbruksmuseet opna:

To kvinner i forkle står ved et piano i et trepanelt rom med maritime dekorasjoner.
Mayse og Randi viser nye eignating. Pianoet er eit fransk klenodium frå 1861.

Sommaren i gang

Sommar og museum seglar side om side i Bøfjorden. Søndag kasta historielaget loss for sesongen 2026.

Publisert

Mykje nytt var å merke blant all historia i lokalet. Nye vindu på vestveggen er på plass. Fleire eignating, delvis av svært gammal årgang, har kome til.

Meierispannet frå Meisingset fortel si historie. Kaffekanna etter Guro Grøtan (Norges eldste kvinne i si tid) likeså. Kulestøypar-tonga frå Kristengarden kjem vel til nytte i den komande 250-årsmarkeringa om Skyttar-Tølløv som skaut Mannbjønnen?

Kiste 1759, galeasmodell og piano anno 1861

Frå Tone Solem og Terje Hellesvik har museet fått ei flott kiste med fortid på nabogarden Skrøvset (1759). Modellen av galeas «Loyal», bygd av Gunnar Strand og gjeven til museet av Sigrun og Yngve Øye, er blikkfang framme på styrbord side i salen.

Og eit unikt Pleyel-piano frå Paris (anno 1861) kastar musikalsk glans over museumssamlinga i lille Bøfjorden. Håpet er å få det stemt til opningskonserten i Stangvikfestivalen i august.

Et hvitt og rødt modellseilskip står på stativ foran en vegg av trepanel.
Modellen av galeas «Loyal» prydar eine kråa på museet.
To kvinner ved et bord med brosjyrer, hefter og små pyntegjenstander i et rom med treinteriør.
Gro og Ragnhild Skrøvset donerer reklamesamlinga etter onkel og svoger Johannes.

Kyrkjeglimt på lerretet

Søndagens tema tok for seg 150 år gamle Åsskard kyrkje og var ifølgje kåsør Bernt Bøe «kladden» til biletkåseriet under Jonsvaka på St. Hanskvelden.

Barn og voksne arbeider med perler og hobbyutstyr rundt et langt bord i et lyst rom.
Frå biletkåseriet: Hobbykveld for små og store i Åsskard-kyrkja.
Et kor i burgunderrøde kapper står og synger i en utendørs scene med instrumenter i bakgrunnen.
Frå biletkåseriet: Jonsvaka-konsert på kyrkjetrappa.

Dei frammøtte kunne som vanleg nyte godsaker frå kjøkenet. Mange fornya medlemskap i laget, og dei fleste støtta utlodninga som går fram til siste museumsdag 13. september.

Bord med vafler, kaker, skåler med syltetøy og to tomme tallerkener.
Alltid mykje kaffegodt på museumsdagane!

 

Powered by Labrador CMS