Sesongfinale:

To smilende damer og en mann som jobber på et kjøkken.
Randi, Mayse og Tore sørga for at dagen vart ein retteleg ballfest.

Ballfest og basar

- En sommer er over, syng Kirsti Sparbo og får følgje av publikum i Bøfjorden. Med ballfest og basar avslutta sjøbruksmuseet sommarsesongen 2025.

Publisert

På programmet stod sildballmiddag, biletkåseriet «Frå fjord til bord» og trekning av sommarens utlodning. Styret i Bøfjorden Historielag jobba heile nonsøkta, mest med serveringa. - Nydeleg mat, var gjennomgangstonen blant dei mange middagsgjestane.

Takk til gjevarar og hjelparar

- Med nesten 29.000 loddkroner har de støtta museumsarbeidet så det monnar! sa styret i historielaget og takka samtidig for all dugnadsinnsats på Bøfjorden Sjøbruksmuseum i sommar. Takken galdt så vel motormann Anders Vaagland som ein talrik kjøkengjeng og andre som har halde drifta i gang. 

Mange har skaffa gåver til basarbordet, og trekninga var imøtesett med spenning. Hovudgevinsten, Sigrun Hesjehagens måleri av Åsskardkyrkja, vart vunnen av Emil Sæterbø.

Ei dame og en mann som holder opp en malt tretallerken, og har en stor kasserolle stående på bordet foran seg.
Annbjørg Dahle og Emil Sæterbø vart eigarar av kyrkjemåleriet og ein stor kasserolle – sikkert veleigna til ballkoking!

Sild - frå fjord til bord

Dagens kåseritema handla naturleg nok om sild, sildefiske og om korleis det unike råstoffet blir foredla til festmaten sildball. I kommentar til biletserien vart det sagt at kjendisar som Olav Tryggvason, Bjørnstjerne Bjørnson eller Sylvi Listaug ikkje kjem halvnære silda i betydning for norsk historie!

Flere personer som sitter og ser på bilder på et lerret.
Biletkåseriet tok for seg sildefiske i ulike former.
Et lodd, og en stamp med sild.
Med loddet (til venstre) leita veteranbasen Edvard Settem fram silda der ho fanst. Og da kunne det bli tønnevis med lekker spekesild!
Flere bilder som viser hvordan man lager sildball.
«Man tager ...» Lynoppskrift i laging av sildball.

Godt besøk – mest utafrå

I løpet av sommaren har rundt 600 menneske besøkt museet i Bøfjorden. God reklame for bygda er det at mange av desse kjem langveges frå - som Todalen, Tingvoll, Kristiansund, Heim og Aure. Eit ønske hos dugnadsgjengen er at oppslutninga frå hyttefolk og fastbuande i bygda kanskje kan auke litt neste sesong.

For ein håpar og trur - slik Kirsti Sparbo held fram: - En sommer er over. Men vi skal ses igjen til neste år!

Ei smilende dame med forkle med omgivelser som minner om ei gammel krambu.
Hos Gunnhild i Litlsalen – Gammelbua – var det kaffe og godkaker å få.
Powered by Labrador CMS