Hyggekveld med Blæst'n

Bilde teke frå galleriet

Seine, men harmoniske tulipanar i Granheim

Med "Tulipaner fra Amsterdam" ønska musikkorpset Blæst'n velkommen til Granheim i Romundstadbygda, der mesta alle stolane var besatte, hyggekvelden var i gang!

Publisert
Olav Morten med flygelhornet
Dirigent Olav Morten Tørset med flygelhornet

Dirigent Olav Morten Tørset ønska velkommen og antyda at abstinens på grunn av manglande Bøgdakveld under Kulturvøkku, så valde Blæst'n å invitere til denne hyggekvelden i Granheim.

Blæst'n i Granheim
Blæst'n i Granheim

Blæst'n heldt fram avdelinga si med "Visa från Utanmyra" som den svenske jazzmusikaren Jan Johansson gjorde kjent. Bassen førte tungt an denne melodien.

Olav Morten Tørset dirigerer Blæst'n

"Ut mot havet" hadde mange av Blæst'n-medlemmene spela på musikkstemner, flott spela, sjølv om havet var langt unna.

Hans Hyldbakk har skrive diktet Trollheim, som Karstein Mauset har sett tone til. Blæst'n framførte den i eit arrangement dei hadde fått av Ronny Kjøsen, med fine, mjuke soloparti på flygelhorn av Olav Morten Tørset.

Blæst'n - bakfra, sett frå scena

Blæst'n vel seg alltid spreke arrangement, slik også i siste nummeret i denne avdelinga, "De nære ting" frå 50-talet.

Erik Blomstrøm
Erik Blomstrøm presenterte bandet "I floga"

Spesialgjestar denne kvelden var den greskinspirerte gruppa I floga som har utgangspunkt i Halsa for nokre ti-år sidan.

Gruppa har i dag 6 medlemmer, med både organist og prest, byråkrat og tidlegare bønder: Dimitris Zurudis sang, bouzouki, Peder Hønsvik, trekkspill, musikalsk leder, Ola Baarset, rytmegitar, Gro Løfaldli, bass, Alexey Kurbanov, tangenter og Erik Blomstrøm, perkusjon, eller kjøkkenredskap som han annonserte sjølv.

I floga på scena
I floga

Dei opna med "Solo i C-dur", typisk gresk - sakte start, mindre sakte, raskt, raskare og fort! I floga er gresk og betyr eld, eller flamme - vi kjente kor det vermde oss i Granheim!

På dei fleste nummera til I floga song Dimitris Zurudis . Blomstrøm antyda at eine melodien heitte "Farken ha stålle ljåen min" i oversettinga til Peder Hønsvik.

Dimitris Zurudis song og spela bouzouki.
Dimitris Zurudis song og spela bouzouki.

- Vi kan spille litt rufsåt, sa Blomstrøm, - men vi er kjøle gode til å slutte! Her var det ekte levande musikk frå alle musikarane, ikkje noko autotune eller backing track! Alt kom rett frå instrumenta og ut til tilhørarane.

Denne melodien skulle visst vore spela på stranda.

Blomstrøm med rytmeinstrumenta
Erik Blomstrøm med rytmeinstrumenta sine
blank messing
messinginstrument
"Blanke messingen"

"Never on a Sunday", bouzouki-temaet frå filmen med same namn, avslutta denne avdelinga, der bouzouki og trekkspel veksla på å lede tonen og stemninga - og enda var det berre torsdag!

Kraftig applaus gav forsamlinga eit ekstranummer frå "grekarane".

Til hyggekvelden hørte det med både matsalg, loddsalg og åresalg. Dermed vart det også trekking. Ola Stokke dramatiserte opplesinga av vinnarnummera slik at det vart heilt stilt i salen: - firhoinder-å---sykkjå, og jammen kom ikkje firhoinder-å-tju på samme bord!

Birgit vann både sjokolade og blomster, og ho hevda at ho aldri hadde vunne før! God stemning - hyggekveld!

Før organisten i I floga måtte dra for å rekke ei ferge, akkompagnerte han forsamlinga i fyldig allsong av Åge-songane "Trondhjemsnatt" og "Lys og varme."

Olav Morten midt i salen
Olav Morten Tørset har full kotrollpå Blæst'n

Før trekninga av dei finaste gevinstane, framførte Blæst'n Andrew Walters kjente "Kveld i Trollheimen", - for det var det!

Gevinstane på denne loddboka var ei nybaka tårnkake - baka av ei i salen, og eit stort bilde fotografert av Blæst'n sin eigen trommis, Magne Lillegård.

Begge gjekk til Blæst'n-medlemmer, og Lillegård vann sitt eige bilde! Da annonserte han at avtalen med Helen Nergård Tørset var at viss han vann bildet, så skulle det plasserast på Rindal Legekontor, og slik blir det!

Det at Blæst'n-medlemmer vann forholdsvis mykje både her og under åresalget, fekk dirigent Olav Morten Tørset til å kommentere slik:

- Hadde det vore politikarar, så hadde dette vorte ei sak for kontrollkomitéen!

Blæst'n og publikum

Aller siste nummeret frå Blæst'n var den tyske "Beer Barrel Polka", eller "Hvor er min kone" slik Einar Rose song den. Uklart kvifor dirigenten valde den, for kona hans blæs i Blæst'n!

"Garderobe på eget ansvar" står det på mange uteplassar i byen, sa Olav Morten Tørset.
- I Granheim brukar det å vere att klede når festen er slutt, sa han. Regnveret gjorde nok at alle tok med seg kleda sine heim denne kvelden.

Do-dør merka 'Utabøgdes'
Ingen kjønnsdiskriminering
WC dør merka Romåståbøgg
Original merking av dør

.

.

Powered by Labrador CMS