Løper på gressbane ved et telt og reklameflagg i regnvær.
Vemund Øvstehage suveren vinnar av Trollheimen Ultra 100.

Vemund Øvstehage raskast i Trollheimen Ultra 100

Laurdag inviterte Trollheimen Fjellsportklubb til det hundre kilometer lange fjelløpet Trollheimen Ultra 100. Vemund Øvstehage passerte målstreken først på imponerande 11:33:14.

Publisert

48 startande i det 100 kilometerlange løpet 

Dei 48 startande deltakarane starta klokka 06:00 på Bordholmen. Derifrå gjekk løypa opp til Todalen ungdomshus, opp Øyalia, innover Snekkardalen og over Bjøråskaret til Innerdalen.  

Frå Innerdalen bar det over til Storlidalen, utover Gammelseterdalen og til Kårvatn. Frå Kårvatn ned til Tjønnmyran, opp over Storhaugen, over hengebrua og ut Ramsøydalane via Toåa tursti med målgang på Bordholmen.  

Løypa hadde tre sjekkpunkt under vegs, på Renndølsetra i Innerdalen, på Bårdsgarden i Storlidalen og på Kårvatn. Løpe stopp (cut off) på Bårdsgarden før klokka 18:00.   

Vått og kaldt under heile løpet 

Da løparane starta frå Bordholmen klokka 06:00 var det mykje regn og forholdsvis kaldt. Det var regn og yr utover formiddagen, men vêret letta litt på ettermiddagen og kvelden, og det var til og med nokre solgløtt, om ikkje så lenge.   

Likevel vart det ein våt og kald tur i ei våt og tung løype rundt om i Trollheimen. – Det var skikkelig bløtt og sleipt stort sett heile vegen, og ein måtte konsentrere seg og prøve å disponere løpet, sa ein godt nøgd vinnar, Vemund Øvstehage rett etter målgang.  

En løper på en svingete asfaltvei ved siden av grønt gras og trær.
Lorets Ola Aasvold akkurat ferdig med Toåa tursti og har «berre» ein knapp kilometer att til målgang som nummer to.


Resultatlista etter 100 kilometer 

Dei tre første plassane i den første utgåva av Trollheimen Ultra 100 ser slik ut:  

  1. Vemund Øvrehage, Salomon Norge/Byåsen IL - 11:33:14 

  2. Lorents Ola Aasvold, Byåsen IL – 11:55:52 

  3. Espen Avset Fredriksen, Averøy løpeklubb - 12:36:18 

Beste lokale løpar vart Steinar Johansen Aarvåg frå arrangørklubben Trollheimen Fjellsportklubb som sprang inn til ein fin fjerdeplass på tida 12:40:39.  

Heile resultatlista kan ein sjå på Liveresultat Trollheimen Ultra 100 2026.  

To løpere på en våt vei i et grønt, tåket landskap.
Øvrehage og Aasvold låg først i løypa heile løpet, men Øvrehage dro frå dei siste mila. Her passerer det to kilometer etter starten.


Særs godt nøgd vinnar 

Øverhage var sjølvsagt godt nøgd med løpet sitt. – Ja, jeg er veldig godt for nøyd med løpet og disponeringen. Jeg lå sammen med Asvold de første fem mila, så rykket han fram meg litt, men jeg kom med etter hvert opp til han igjen, og da rykket jeg i fra, og klarte etter hvert å få et solid forsprang, sa ein særs godt nøgd vinnar Øvrehage.  

På spørsmålet om han ville bli med neste år, så sa Øvrehage at han ville sjekke vêrmeldinga nøye før han meldte seg på! 

Løpere i svart sportsutstyr løper ut fra startområdet på et vått gressfelt.
Starten går frå Bordholmen klokka 06:00 laurdag morgon. Foto: Jon Olav Ørsal.


Open kiosk på Bordholmen 

Todalen Idrettslag opna kiosken sin på Bordholmen stadion, slik at publikum som ville få med seg målgangen kunne kjøpe seg noko å drikke eller å bite i for å korte ned ventetida.  

Løparane fekk også litt energigjevande mat og drikke etter løpet, sponsa av Matkroken Todalen.  

Godt nøgd arrangør 

Mette Sæter Ormset var godt nøgd med gjennomføringa av den første utgåva av Trollheimen Ultra 100. – Sjølvsagt skulle eg ha ønska betre vêr både i sommar og i dag, men vêret får vi ikkje gjort noko med, sa ein nøgd leiar i arrangørklubben Trollheimen Fjellsportklubb etter løpet.  

- Eg må seie eg er skikkeleg imponert over løparane, som trass utfordrande forhold greier å gjennomføre løpet på så gode tider, la ho til.  

Powered by Labrador CMS