Ræta Opp: – Startkontingenten går til Mikkel i år
Todalsdagen og «Ræta Opp» har ein lang tradisjon med at startkontingenten går til ei helserelatert sak som er knytt til born. Kvart år har det vore funne verdige mottakarar som har stått på for borna. Da Ingvild og styret i Todalen I.L. fikk høyre om 2-åringen Mikkel frå Rindal, var dei ikkje i tvil om kven som skulle bli favorisert i år. Det måtte bli Mikkel.
Mikkel har nemleg ein sjukdom som ingen annan har i heile Noreg – berre eit hundretal i heile verda har denne sjukdomen som heiter EMARDD, og er ein sjeldan muskelsjukdom. Ein dag dro vi på besøk til Mikkel og familien Haugen/Nergård, som bur i Romundstadbygda i Rindal.
Annonse