ANNONSE: Kyrkja i Surnadal
Inviterer til Messe for verdigheit
Torsdag 15. januar kl. 18.00 inviterer Kyrkja i Surnadal til Messe for verdigheit i Øye kyrkje.
– Når vi inviterer til messe for verdigheit, er det for å skape eit rom der vi saman støttar håpet om ei god framtid for dei av oss som er råka av vald og seksuelle overgrep. Med ord, kunst, symbolhandlingar og musikk set vi fokus på å anerkjenne det som har vore, men også på det gode håpet for framtida. Vi treng stader for solidaritet og samhald i samfunnet vårt, og Messe for verdigheit legg til rette for dette.
· Messa er for deg som har opplevd seksuelle overgrep.
· For deg som kjenner nokon som har opplevd det.
· Og for deg som vil vise støtte.
Ei open messe for alle, uavhengig av bakgrunn og tru.
I messa deltek biskop Ingeborg Midttømme med preike. Helsing ved ordførar Hugo Pedersen. Sanitetsforeninga stiller med kyrkjekaffi.
Vel møtt!