Kva – Kven – Kvar?

Dame og mann i en hage, damen peker mot skogen
- Det heiter at ein to hundre år gammel sølvskatt ligg borti lia her ein stad, seier Annbjørg Engset i Dreyerstua. Bernt Bøe lovar meir om dette på museet søndag.

Sølvskatt og ymse anna

Lokalhistoria er full av hendingar og skjebner. På museet søndag røpar Bøfjorden Historielag litt av kvart – kjent og ukjent.

Publisert Sist oppdatert

Kva?

Her dukkar det fram ymse merkeleg og dramatisk ein kanskje ikkje visste om. Bragder drama til sjøs og til lands. Og så «Sølvskatten» på Åsskard!

Bilde av en steinruin - hus.
Kva foregjekk oppe i Hjelmkona rundt 1800?
Svart-hvitt bilde av en gammel bil
Fiat 1936 – veteranbil med eiga historie.

Kven?

Kvinner og menn Nordmøre rundt har stått fram i gjerning og (ikkje minst) i ord. Mykje tøft og treffande blir å høre!

Maleri av prest med prestekrage
Surnadalspresten Irgens hadde uvanlege eigenskapar, sa folk.

Kvar?

Langs fjord og fjell ligg åstader der artige og skumle ting har skjedd opp gjennom hundreåra. Greitt å vite når du fer forbi. Og kanskje forlokkande å oppsøkje?

Maleri av en gammel hjulbåt, bilde av mann med pipe og hatt i øverste høyre hjørme
Og kva utretta «mirakelmannen» Nils Sæterøy med hjuldamparen «Nordmør» ved Brøskjalandet i 1863?

Det aller meste kjem på lerretet. Samtidig er ordet fritt. Alle i salen kan bidra med fakta og eigne opplevingar.

Sommarutlodninga er i gang, kjøkenet bemanna og sjøbruksmuseet som alltid ein fin treffstad.

Powered by Labrador CMS