Sjøbruksmuseet søndag:

Vegen langs Gylhamrane skapte ny samferdselshistorie på Nordmøre, ikkje minst takka vere Wilhelm Dall (innfelt). Fotomontasje Terje Holm

Veghistoria vår

Publisert Sist oppdatert

På Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag 28. juni får du høre den dyktige kåsøren Terje Holm formidle sentral veghistorie frå Nordmøre. Han viser korleis trafikken på 1930-talet vart lagt om til landvegs transport med bussar, biler og ferjer.

Terje Holm er søndagens kåsør her på museet i Bøfjorden.

Dette knytte distriktet saman med regionsenteret Kristiansund. Wilhelm Dall i Kristiansund var pådrivar for bygging av vegen langs Gylhamrane. Han var også engasjert i vegen over Nordmarka.

Under bygging av Nordmarksvegen i 1930 fann arbeidarane bein av ein grønlandskval 52 meter over havet. Frå venstre Jim Musters. Eistein Aasgaard, Lars Seter, Ola Sæterbø, Magnus Svendsli og Anders Gjengstø
Berre desse to skivene frå ryggvirvelen er no att av kvalbeina som vart funne under vegbygginga. Her framvist av ein 9. klassing på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Denne interessante historia fortel at allereie i 1938 hadde mykje av samferdselen på Nordmøre gått over til landvegs transport med vegar, ferjer og bruer - der vi låg lengst framme i fylket på dette området.

Museet har kaffe og småsalg som vanleg.

ANNONSE:


Powered by Labrador CMS