Sesongslutt på museet:

Balldag i Bøfjorden
Sildball var fattigmannskost, men har vorte festmat. Museet i Bøfjorden avsluttar årets sommarsesong med stor balldag.
Søndag er det fulle gryter på kjøkenet – så lenge det varer. Ein ventar stort innrykk av gjestar på sommaravslutninga i jubileumsåret 2005.

Kva som blir Dagens Tema på lerretet denne avslutningsdagen, er hemmeleg. Men arrangøren lovar eit aktuelt innslag attåt middagen.

Takk for gåver og støtte
Trekninga av sesongens utlodning er elles eit høgdepunkt. Mange fine gevinstar skal få nye eigarar.

- Vi er takknemlege for gåver vi har fått og for publikums stønad gjennom kjøp av lodd, kaffe og medlemskort, seier styret i Bøfjorden Historielag. - Med slik dugnad kan vi drive eit levande museum.

Reparasjonar
Økonomisk har sommaren 2025 gått rimeleg bra. - Men kvar krone tel, for det over 90 år gamle museumsbygget treng utbetringar no i haust.
Uansett kan mette middagsgjestar og glade gåvevinnarar runde av denne 31. sesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
ANNONSE:
